Hugs karenstida etter utanlandsopphald

Publisert i går kl. 15:03

Eig du eller jobbar med husdyr, så skal du ha karenstid for å hindre at ein tek med smitte frå utlandet heim til norske husdyr.

Nyklekka kylling.
Nyklekka kylling. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Ta smittevern på alvor

Munn- og klauvsjuke er døme på ein nasjonal liste 1-sjukdom. Det betyr at sjukdomar i denne kategorien reknast som særs alvorlege. Konsekvensane ved utbrot av liste 1-sjukdom er store, og eit større utbrot av slik sjukdom hos husdyr i Rogaland vil gå ut over nasjonal matvareforsyning.

Viss ein er i utlandet, spesielt i område med sjukdomsutbrot, er det særs viktig å overhalde karenstida for å forhindre smittespreiing til norske husdyr.  Hugs at karenstida gjeld for alle, alt frå handtverkaren som har oppdrag i fjoset og andre "fjøsvandrarar" som skal besøke eller jobbe i husdyrrom eller med dyra.  

Karenstid: 48 - 72 timar eller ei veke

Smitte kan overførast frå reiskap, køyretøy, menneske/klede/skotøy som har vore i kontakt med smitta dyr. Difor er det særs viktig å overhalde karenstida om ein sjølv har vore i utlandet eller har arbeidstakarar frå utlandet, spesielt i områder der smitte er påvist.

Viss du har vore i kontakt med klauvdyr eller fjørfe i utlandet, skal det gå minst 48 timar før du har kontakt med norske husdyr. Om du er i kontakt med klauvdyr eller fjørfe i land med alvorleg smittsamme sjukdomar, bør du venta minst 72 timar. Klede, sko eller utstyr som har vore i kontakt med dyrehald i utlandet skal ikkje brukast i norske husdyrrom.

Dyreeigar er smittevernsjef for eige dyrehald

Med smitteutbrot av alvorleg sjukdom i utlandet, må dyreigar ta smittevern på største alvor. Dyreeigar er smittevernsjef i eige dyrehald og bør sette dei strengaste krav til besøkande/tilsette som har vore i utlandet som skal inn i dyrehaldet! 

I lenkja finn du opplæringsmateriell om smittevern på fleire språk

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Janne Breivik
seniorrådgiver husdyr, Statsforvaltaren i Rogaland
Hanne Elin Herrebrøden
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland