SPF står for spesifikk patogenfri, og inneber at grisen er fri for fleire viktige smittsame sjukdommar.
Blant dei frammøtte var det òg mange unge bønder, noko som gav ei klar kjensle av at SPF-satsinga handlar om meir enn gris. For mange handlar ho òg om framtidstru, investeringar og generasjonsskifte.
Prosjektleiar Odd Finnesand fortalde at arbeidet med SPF-omlegging i Rogaland no går for fullt. Han anslo at om lag 60 prosent av slaktegrisen i fylket er SPF-grisar innan februar 2027. For å sikre gode prosessar og redusere risikoen for smittespreiing, har prosjektet tett dialog med slakteria om planlegging av saneringar, transportlogistikk og områdevise løysingar.
Ein ny start, men ikkje utan utfordringar
Dyrlegar, faglag og slakteri melder om at veldig mange bønder er godt fornøgde med omlegginga til SPF, men samstundes var eit gjennomgåande bodskap på møtet at omlegginga ikkje berre er ei solskinshistorie.
Tone Runhild Skadsem frå Jærdyrlegane var oppteken av å gi eit nyansert bilete av kva produsentane har i vente. Ho understreka at sanering og oppstart med SPF-gris krev grundig planlegging og stor arbeidsinnsats. Sjølv om SPF-grisen er fri for fleire vesentlege sjukdommar, er han ikkje fri for alle utfordringar.
Etablering av ny besetning kan gi barnesjukdommar og uventa problem som det er viktig å vere førebudd på. God planlegging i forkant og tett oppfølging i oppstartsfasen kan vere avgjerande for eit godt resultat.
Trass i utfordringane var bodskapen frå dei som har erfaring med SPF klar: Ingen ønskjer seg tilbake etter ei vellukka sanering.
Økonomi, bygg og framtidstru
Bankrådgivarane Peder Skåre og Harald Pedersen peika på at mange grisehus i Rogaland no har passert tjue år. Behovet for fornying av driftsapparatet er derfor til stades mange stader, anten i form av renovering eller nybygg. Når det først skal investerast i bygningar, vil det vere ein naturleg overgang til SPF.
Dei peika på at investeringar til nybygg er moglege å gjennomføre dersom produsenten kan vise til gode dekningsbidrag. Samstundes understreka dei kor viktig det er å vere nøktern når ein legg til grunn framtidige inntekter og resultat. Drifta må kunne bere både investeringar, sanering og eit lønsuttak til bonden.
Rådgivarane var også opptekne av å skilje mellom kostnader knytt til SPF og kostnader knytt til bygningar. Etter deira erfaring er mykje av investeringsbehovet først og fremst ei følgje av alderen på bygga, ikkje sjølve SPF-omlegginga. For saneringa i seg sjølv er det ofte tomtida som er den viktigaste kostnadsfaktoren. God planlegging og kortast mogleg periode utan produksjon kan derfor vere avgjerande for økonomien i prosjektet.
Når ny gris møter nye krefter
For mange produsentar representerer SPF-omlegginga meir enn å bli kvitt sjukdommar. Ho gir òg ei moglegheit til å tenkje nytt om drift, rutinar og framtidsplanar.
Mange stader kjem satsinga samtidig med generasjonsskifte på garden. Ei sanering kan då bli starten på noko nytt, ikkje berre for dyra, men òg for menneska som skal drive garden vidare.
Inntrykket frå møtet på Undheim var at nettopp dette skaper engasjement. Når fjøset får ein ny start, blir det ofte lettare å sleppe til nye krefter. SPF-satsinga handlar derfor ikkje berre om betre dyrehelse og produksjonsresultat. Ho handlar òg om å leggje til rette for neste generasjon svinebønder i Rogaland.