Etter den tørre vinteren 2026 må vi ta vare på kystlyngheia i Rogaland

Publisert 15. oktober kl. 12:46

Vinteren 2026 var kald og tørr, og har sett spor i kystlyngheia fleire stader i Sør-Noreg. No er det viktig å kartleggje tilstanden i eigne beiteområde og planleggje tiltak både for kommande vintersesong og for å revitalisere lyngheia på lengre sikt.

Bildet av kystlynghei i Aniksdalsheia i Hå kommune.
Kystlynghei Aniksdalsheia i Hå Kommune. Foto: Håvard Anda Hageberg.

Den kalde og tørre vinteren med mykje sol og barfrost har ført til skadar på røsslyngen fleire stader langs kysten. Røsslyngen er vintergrøn og kan tørke ut når vatn fordampar frå plantene samstundes som røtene ikkje får tak i vatn frå frosen jord. Nokre område har berre mindre skadar, medan andre har store areal med sterkt skadd eller død lyng. Birøktarar melder om sterkt redusert honningproduksjon.

Omfanget varierer mykje frå stad til stad. Derfor er det viktig at kvar enkelt beitebrukar undersøker eigne areal og vurderer behovet for tiltak. Lokale forhold som jorddjupn, fuktforhold og eksponering for sol og vind har stor betydning for kor alvorlege skadane er.

Få oversikt over tilstanden i lyngheia

Val av tiltak avheng av om lyngen er død eller berre tørkeskadd. Dette kan vere vanskeleg å avgjere fordi tørkeskadd lyng ikkje nødvendigvis er død. Sjølv lyng som ser brun og uttørka ut, kan ha evne til å skyte nye skot og kome seg att.

Det er derfor viktig å undersøkje beiteområda nøye og følgje utviklinga over tid. Lyngheisenteret har utarbeidd råd om korleis ein kan skilje mellom frisk, tørkeskadd og død lyng, og kva kjenneteikn ein bør sjå etter.

Planlegg for vinterbeiting

Kystlyngheia er ein viktig vinterbeiteressurs i Rogaland. Dersom store delar av lyngen er skadd eller død, blir tilgangen på vinterfôr redusert dei næraste åra.

Beitebrukarar bør difor kartleggje kor mykje av beiteressursen som er påverka og vurdere behovet for kompenserande tiltak. Det kan mellom anna vere aktuelt å planleggje innkjøp av ekstra fôr eller tilpasse beitebruken gjennom vinteren.

Lyngsviing kan bidra til raskare gjenvekst

Erfaringar frå tidlegare tørkeperiodar viser at område med mykje død lyng ofte regenererer sakte. Forsking tyder på at lyngsviing kan bidra til raskare gjenvekst og revitalisering av lyngheia. Tiltaka bør likevel planleggjast langsiktig, slik at ein tek vare på ein mosaikk av lyng i ulike aldrar og utviklingsfasar.

Dersom du vurderer lyngsviing, bør du starte planlegginga tidleg, etablere nødvendige branngater og vere særleg merksam på brannsikkerheita. Tørkeskadd vegetasjon kan vere meir brannfarleg enn normalt.

 

Les meir om lyngbrenning, samt vurdering av beitetrykk og beitekvalitet, i brosjyrane frå Miljødirektoratet om lyngsviing og beiting i kystlynghei.

 

Husk å søke om tilskot til skjøtsel av kystlynghei i Rogaland: 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Margit Reiersen
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland
Håvard Anda Hageberg
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland