Fossane gard sertifisert økoturisme-bedrift

Fossane gard ved Janneke Wijgergangs mottek økoturisme-sertifisering av ein representant frå Hanen.
Fossane gard ved Janneke Wijgergangs mottek økoturisme-sertifisering av ein representant frå Hanen. Foto: Birgit S. Hagalid.

Økoturisme tilrettelegg for natur- og kulturopplevingar med lokal forankring og liten påverknad på miljøet. Fossane gard er det fyrste bedrifta i Rogaland som blir økoturismesertifisert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.03.2022

Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers i Fossane gard tilbyr overnatting i tre autentiske gardshus innst i Vormedalen i Hjelmeland kommune. Denne veka blei bedrifta sertifisert gjennom Norsk Økoturisme som den fyrste bedrifta i Rogaland. Det er 19 bedrifter i Noreg som er økoturismesertifisert.

Grunnleggande prinsipp for økoturisme er at aktivitetane er natur- og kulturbaserte, har gjennomgåande liten miljøpåverknad og er sosialt, økonomisk og klima- og miljømessig berekraftige.

Sertifiseringa Norsk Økoturisme er drifta av Hanen som er ein landsdekkande nettverk for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg. Det er 32 Hanen-verksemder i Rogaland i dag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.