Kva er helsehjelp i skuletida i vidaregåande skule?

Publisert 1. september kl. 12:37

Statsforvaltaren har sendt eit brev om dette til alle kommunane i fylket og Rogaland fylkeskommune.  

Informasjon om rettleiingsbrev

Statsforvaltaren er klage- og tilsynsmyndigheit etter både opplæringslova og helse- og omsorgstenestelova. Vi har dei siste månadene fått fleire spørsmål om kva som er helsehjelp i skuletida i vidaregåande skule, og kva skuleeigar (i vidaregåande skule: Fylkeskommunen) og kva helse- og omsorgstenesta (særleg i kommunane) har ansvar for i skuletida.

På bakgrunn av dette, har vi sendt eit brev til Sola kommune kor vi går gjennom fleire spørsmål om dette, som vi har sendt vidare til alle kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune.  

Kopi av vårt brev, saman med to brev frå Utdanningsdirektoratet, ligg her under «Dokument».

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Anders Kvadsheim Mygland
seniorrådgiver/jurist, Statsforvaltaren i Rogaland