Godtgjering for advokatverje

Verjer som blir oppnemnt i kraft av å vere advokat, kan ha rett på godtgjering etter offentleg salærsats for advokatar.

Det er strenge vilkår knytt til å ha advokatverje. Verja må vere oppnemnt i kraft av å vere advokat, hovuddelen av verjeoppdraget skal krevje advokatkompetanse og verjehavar skal sjølv kunne dekke krav til godtgjering.

Årsaka er at verjehavar ikkje skal vere betre stilt enn andre som ikkje har verje. Dersom verjehavar har behov for juridisk bistand, kan verja kjøpe desse tenestene, eller søkje om fri rettshjelp.

Om verjehavar har råd til å dekke kravet og ønskjer å betale godtgjering etter offentleg salærsats, kan vi godkjenne dette sjølv om oppdraget ikkje krev advokatkompetanse. 

Dekning av utgifter

Kven dekker kravet frå verje?

Korleis søkje?

Kva skal søknaden innehalde?

Kva arbeid og oppgåver gir ikkje rett til godtgjering?

Korleis klage på vedtaket?

Som hovudregel har alminnelege verjer rett på ein årleg sum i godtgjering og utgiftsdekning. Summen for godtgjering er sett etter kva mandat verja har:

  • økonomiske interesser: kr 3 500,-
  • personlege interesser: kr 2 000,-
  • både økonomiske og personlege interesser: kr 4 000,-

Utgiftsdekning er sett til kr 1 000,- per år. Summen skal dekke utgifter som kan vere vanskelege å dokumentere, slik som porto, kopiering, telefon med meir.

Årleg godtgjering og utgiftsdekning blir utbetalt på etterskot og du må søkje til oss før du kan ta ut godtgjering og utgiftsdekning.

Dekning av utgifter

Når du får godtgjering etter offentleg salærsats for advokatar, har du som hovudregel ikkje rett på årleg utgiftsdekning. Årsaka til dette er at typiske kontorutgifter er rekna inn i salærsatsen.

Vi kan likevel godkjenne faktiske utgifter som verja har, dersom dei har vore nødvendige for oppdraget. Dette kan mellom anna vere reiseutgifter.

Verja må då leggje ved dokumentasjon på utgiftene saman med søknad om timegodtgjering. Dokumentasjon kan vere kvitteringar, utskrift frå bompengepassering, kilometerliste med meir.

Kven dekker kravet frå verje?

Det er verjehavar si inntekt og formue som er avgjerande for kven som skal dekke kravet. Hovudregelen er at verjehavar sjølv skal betale godtgjering og utgiftsdekning til verje.

Inntekts- og formuegrensa er ulik dersom du er einsleg eller har felles økonomi. Verjehavar må vere under begge grensene for at vi skal ha plikt til å dekke kravet.

Sjølv om vi ikkje har plikt til å dekke kravet, kan vi likevel dekke heile eller deler av kravet viss betalingsevna til verjehavar tilseier det. Ved vurderinga av betalingsevne ser vi mellom anna på om verjehavar har høge bukostnadar, høg gjeld, låg inntekt med meir. Vurderinga gjer vi når vi har fått søknaden frå verja.

Vi kan og vurdere å forskottere kravet dersom verjehavar ikkje har midlar til å dekke kravet akkurat no, men vi veit at det kan kome midlar på eit seinare tidspunkt.

Arbeid utført av sekretær, fullmektig mv. 

Eit verjeoppdrag er personleg og kan derfor som hovudregel ikkje delegerast til andre.

Det kan likevel vere rimeleg at advokatverja delegerer noko av arbeidet til sekretær eller advokatfullmektig. Føresetnaden er då at dette fører til lågare kostnad for verjehavar. Arbeid utført av sekretær eller advokatfullmektig kan ikkje godtgjerast etter offentleg salærsats for advokatar.

Dersom ein vel å bruke sekretær eller advokatfullmektig må dette kome fram i timelista. Timesats vil då vere kr 400,-, slik som for faste verjer.

Korleis søkje?

Du kan sende søknad til oss elektronisk eller per post. Du finn søknadsskjema blant anna på vergemal.no. Vi ønskjer helst å få søknaden tilsendt elektronisk.

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden må innehalde opplysningar om kva du søkjer om, kva periode søknaden gjeld for og kven som skal dekke kravet.

Viss du søkjer om offentleg salærsats må du grunngje kvifor du meiner at oppdraget skal godgjerast etter offentleg salærsats og leggje ved timeliste.

Om du søkjer om dekning av faktiske utgifter må du leggje ved ei kilometerliste, kvitteringar og liknande. Kilometerlista må innehalde dato, formål med reisa, kvar du har reist til og frå, og kor mange kilometer du har køyrt.

Søkjar må og opplyse kva kontonummer kravet eventuelt skal utbetalast til og opplyse om organisasjonsnummer.

Korleis klage på vedtaket?

Dersom søkjar eller verjehavar er usamd i vedtaket, kan dei sende skriftleg klage til oss. Klagen må sendast inn innan fristen, som er tre veker frå ein har fått vedtaket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.