Søknad om uttak frå kapitalkonto

Det følgjer av verjemålslova at verja kan dekke utgiftene til den som er under verjemål med dei inntektene vedkommande har. Dersom inntekta ikkje strekker til, kan verjehavar sin kapital brukast heilt eller delvis. Bruk av kapital krev samtykke frå oss. Dette gjeld både dersom vi forvaltar midlar på vegner av verjehavar, og dersom verja ønsker å bruke av kapital frå verjekonto.

Kvar finn du søknadsskjema?

Kva må søknaden innehalde?

Kor lang er saksbehandlingstida?

Korleis klagar du på vedtaket?

Kvar finn du søknadsskjema?

Statsforvaltaren ønskjer digital innsending og oppfordrar alle verjer til å sende inn søknad via Altinn. Du finn skjema på vergemal.no/skjema. Dersom du likevel ønsker å sende inn søknad per post, kan du nytte papirskjema frå same stad. 

Kva må søknaden innehalde?

Vi må få opplysing om kva kapitalen skal nyttast til, kor mykje og kvifor det vil vere i verjehavar si interesse at kapitalen vert nytta til dette formålet. Dersom midlane skal utbetalast frå kapitalkonto som vi forvaltar, må vi få opplysningar om kva konto beløpet skal utbetalast frå (ved fleire kapitalkontoar) og kva konto midlane skal overførast til (verjekonto).

For vaksen med oppnemnd verje, må søknader om bruk av kapital vere signert både av verja og av verjehavar dersom han eller ho er i stand til å gi eit gyldig samtykke.

For mindreårige må søknaden vere signert av foreldreverjene og av den mindreårige dersom han eller ho er over 12 år.

Ved digital innsending må skriftleg samtykke frå den eller dei andre som skal signere søknaden leggjast ved søknaden. 

Kor lang er saksbehandlingstida?

Dei fleste søknadene om bruk av kapital vil bli behandla innan 20 dagar. Dette føreset at søknaden er fullstendig. 

Korleis klagar du på vedtaket?

Dersom søkjar eller verjehavar er usamd i vedtaket, kan ein sende skriftleg klage til oss. Klagen må sendast inn innan tre veker frå ein har fått vedtaket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.