Viktige læringspunkt frå halvtanna år med koronapandemi

Vi har gjennomført andre trinn i undervegsevalueringa av pandemihandteringa, og meiner at vi i Vestland har klart å handtere pandemien på ein god måte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.08.2021

Evalueringa er gjort på oppdrag frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Den viktigaste grunnen til at vi har lukkast er det gode samvirket mellom aktørane heile vegen. Les heile undervegsevalueringa av covid-19-handteringa her.

Kommunane har gjennom pandemien vist stor evne og vilje til å utføre oppgåvene sine. Dei er til dels svært ulike i storleik og har òg blitt råka i veldig ulik grad. Fleire har hatt store utbrot som har sett tenestene på sterke prøvar, medan andre nesten ikkje har hatt smitte. Kommunane har vist vilje til å hjelpe kvarandre på tvers og i fellesskap, for finne gode løysingar i krevjande situasjonar.

Kommunane har jobba godt med å følgje opp TISK-strategien for å få rask kontroll på utbrot. Etter at det har kome meir smittsame virusvariantar, har såkalla «forsterka TISK» vore heilt sentralt i utbrotshandteringa.

Aukande uro for psykisk og fysisk helse

Det har vore krevjande for både styresmakter og verksemder å handtere pandemien, men ikkje minst har det vore tøft for innbyggarane å leve med pandemien i så lang tid. Konsekvensar av smitteverntiltak har gjennom pandemien i seg sjølv vore årsak til aukande uro for både psykisk og fysisk helse, særleg blant barn, unge og sårbare grupper. Tiltaka har kontinuerleg blitt vurdert og justert både nasjonalt og lokalt.

Vi har opplevd at dialogen med kommunane har vore veldig god gjennom heile pandemien, og den har i stor grad vore prega av gjensidig tillit. Regjeringa si avgjerd om geografisk omprioritering av vaksinar skapte sterk frustrasjon i kommunane, og bidrog til å slite på tilliten til den statlege pandemihandteringa.

Stillingsstorleiken til kommuneoverlegane

Ei problemstilling som har vore løfta frå mange hald, er stillingsstorleiken og såleis kapasiteten til kommuneoverlege/smittevernlege. Det er ei problemstilling vi òg har sett i Vestland. Den vart mellom anna tydeleggjort i ei kartlegging som vi gjorde i fjor haust.

Les meir om Samfunnsmedisinsk beredskap i kommunane her.

Tett og godt samarbeid om smittevernutstyr

Den store mangelen på smittevernutstyr var svært utfordrande vinteren og våren 2020. I Vestland vart denne utfordringa i stor grad handtert gjennom eit tett og godt samarbeid mellom helseføretaka og kommunane, der vi opplevde at det var stor vilje til gjensidig hjelp og støtte. Det låg både formaliserte avtalar og planar i botn for samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, men dei har òg vidareutvikla samhandlinga undervegs. Eigne underutval for samarbeid kring smittevernutstyr og personell er døme på dette.

Endringar i reglar, råd, retningslinjer og vaksinasjonsstrategi

Det har vore utfordrande at reglar, råd og retningslinjer har vorte endra heile tida. Det har gjort handteringa meir krevjande. Endringa i vaksinasjonsstrategien, og særleg den geografiske omprioriteringa av vaksiner som vart bestemt i mai, har vore krevjande for kommunane. Å skulle gjennomføre massevaksinasjon midt i ferietida gjorde at dei måtte planlegge sommartenesta på nytt. Utfordringane handla særleg om å kunne skaffe tilstrekkeleg personell i ein periode der det sjølv i normalår er utfordrande å ha nok ressursar.

Vi har følgt tett opp kommunar som har meldt om særlege utfordringar med å gjennomføre vaksinasjonsstrategien, og ser at dei har klart å finne løysingar. Fleire kommunar har sagt at gjennomføringa vil vere sårbar t.d. for større smitteutbrot, sidan dei same folka som skal jobbe med vaksinasjon òg har oppgåver med smittesporing.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.