Risiko knytt til kjemikalie og eksplosiv

Illustrasjonsfoto, flyfoto av eit industriområde der sikringssoner rundt er teikna på.
Foto: DSB.

Fylkesmannen har i samarbeid med fleire andre aktørar laga eit framlegg til korleis kommunane og andre beredskapsaktørar kan få meir kunnskap om risikoar knytt til kjemikaliar og eksplosiv.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.03.2020

Behov for betre samarbeid om førebygging og beredskap

Tilsyn med kommunar og industriverksemder i fleire fylke viser at samarbeidet om førebygging og beredskap knytt til kjemikaliar og eksplosiv kan verte betre. Dette dokumentet er eit framlegg til korleis kommunar, naudetatar og verksemder kan samarbeide for å få ei heilskapleg oversikt over risikoar knytt til risikoområdet.

Auka kunnskap gir betre planlegging

Hovudmålet er at kommunen skal få meir kunnskap om risikopotensialet som kjemikaliar og eksplosiv representerer, og kva konsekvensar uønskte hendingar kan få for drifta av kommunale tenester. Kunnskapen bør vere synleggjort i den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen, og verte nytta i beredskapsplanlegging og areal- og samfunnsplanlegging. Det er òg eit mål at nødetatar, verksemder og kommunar skal dele informasjon om kva forventningar dei har til kvarandre, og kartleggje trong for vidare samarbeid.

Innspel og tilbakemeldingar

Vi håpar at dokumentet vil vere nyttig for kommunane, og vi set pris på tilbakemeldingar og innspel til ev. forbetringar.

Dokumentet finn du her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.