Oppdatert informasjon om jodtablettar

Helsedirektoratet, Statens legemiddelverk og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har sendt ut oppdatert informasjon til publikum og helsepersonell om jodtablettar ved atomulykker.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2019

Jodtablettar er eit beskyttande tiltak som er aktuelt ved atomulykker med utslepp av radioaktivt jod. Radioaktivt jod kan verte spreidd via lufta og takast opp i skjoldbruskkjertelen frå ureina luft og/eller mat og drikke. Tablettane blokkerer opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i han. Alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born bør ha jodtablettar heime, men dei skal berre takast etter råd frå styresmaktene. Ved ei atomulykke vil slike råd verte gitt gjennom media, relevante styresmakter og www.dsa.no.

Informasjonen til publikum (sjå vedlegga i høgre marg) er oppdatert med ei åtvaring om å ikkje forveksle Jodix jodtablettar 130 mg, som skal takast ved atomulykker, med dagleg kosttilskot med jod. I tillegg har doseringsteksten vorte meir detaljert, og teksten som gjeld born under ein månad er endra til at legeundersøking etter inntak av jodtablettar berre er nødvendig ved tvil om helsetilstand. Endringane i informasjonen til helsepersonell er omtrent dei same, men har vorte noko meir utdjupa.

Det har også vorte laga ein plakat med oppmoding om å kjøpe jodtablettar. Plakaten kjem i fleire ulike format og kan nyttast av alle offentlege etatar og kommunar. I tillegg vert det vist til tiltakskort og samtykkjeskjema frå Drammen kommune som gode døme på korleis ordninga kan administrerast.

Informasjon på fleire språk.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.