Kva er føremålet med handhevingsordninga?
Handhevingsordninga handlar om å sikre at eleven får prøvd retten til eit trygt og godt skulemiljø av ei myndigheit utanfor skulen. Statsforvaltaren kan gjennom denne ordninga avgjere om skulen har sett inn eigna og tilstrekkelege tiltak i enkeltsaker, og om skulen har laga ein skriftleg plan som oppfyller krava i lova (opplæringslova kapittel 12). Dersom vi finn at skulen ikkje har gjort dette, kan vi påleggje skuleeigar å rette forholdet.
Korleis melder eg sak til Statsforvaltaren?
Du kan melde sak anten ved å bruke skjemaet i høgre marg, sende oss ei skriftleg melding via meldingsskjemaet, eller du kan ringe til oss på telefon 90 91 50 45. Telefontida vår er måndag frå klokka 10.00 til 12.30 og tysdag til fredag frå klokka 10.00 til 14.00. Send oss gjerne ei skriftleg melding via meldingsskjema dersom du ikkje får kontakt med oss på telefon, så svarer vi deg så snart som råd. Meldingsskjemaet er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon.
Sjølv om det er låg terskel for å melde skulemiljøsak til Statsforvaltaren, er det nokre vilkår som må vere oppfylte:
- meldinga må kome frå deg som elev, eller dine føresette med foreldreansvar
- du må på meldingstidspunktet vere elev på den aktuelle skulen
- det må ha gått minst fem arbeidsdagar sidan du fortalde rektor at du ikkje har det trygt og godt på skulen
- meldinga må handle om at du framleis ikkje har det trygt og godt på skulen
- om du er over 15 år og dine føresette melder sak for deg, må dei ha skriftleg fullmakt frå deg
Kva skjer etter at du har meldt sak til oss?
Vi ber skulen sende inn dokumentasjon
Dersom du sender inn ei melding til oss, vil vi ringe deg for å få vite meir om bakgrunnen for at du melde saka til oss. Vi vil òg ringe skulen for å informere om meldinga. Dersom vilkåra for at vi kan handsame saka er oppfylte, sender vi eit brev til skulen for å be skulen om dokumentasjon knytt til tiltaksplikta.
Skulen får normalt inntil åtte arbeidsdagar på å sende denne dokumentasjonen til oss. Dokumentasjonen skal òg sendast i kopi til deg som meldar, med unntak av dokumentasjon som inneheld personopplysningar om andre.
Vi treff vedtak i saka
Når Statsforvaltaren har motteke dokumentasjon frå skulen, vurderer vi om tiltaksplikta er oppfylt. Dette gjer vi på bakgrunn av dokumentasjonen vi har fått frå skulen, og eventuelle opplysningar du har gitt oss.
Dersom skulen ikkje har oppfylt tiltaksplikta si, kan vi påleggje skuleeigar å rette forholdet. Dette kan innebere at skulen til dømes må undersøkje skulemiljøet grundigare for å finne ut kva tiltak dei skal setje inn, eller at dei må setje inn andre eller meir omfattande tiltak enn det dei har gjort så langt.
Dersom du er ueinig med vedtaket vårt, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker etter at du fekk vedtaket.
Vedtaket er sendt ut. Kva skjer no?
Statsforvaltaren held fram med å følgje opp saka heilt til vi finn at pålegga er oppfylte. I denne delen av saksgangen vil vi rettleie skulen og skuleeigar om korleis dei skal arbeide for å oppfylle pålegga. Dette gjer vi hovudsakleg gjennom orienteringsbrev. I nokre saker har vi òg rettleiingsmøte med skuleeigar og skulen dersom det er behov for det.
Dersom ein skule eller skuleeigar ikkje viser tilstrekkeleg evne eller vilje til å gjennomføre pålegga våre, kan det vere aktuelt for oss å gi skuleeigar tvangsmulkt. Føremålet med tvangsmulkta er ikkje å straffe, men å få skuleeigar til å gjennomføre pålegga.
Statsforvaltaren avsluttar saka
Statsforvaltaren avsluttar saka frå vår side når vi finn at skulen har oppfylt pålegga vi gav i vedtaket. Dette betyr at skulen vil halde fram med skulemiljøarbeidet, men utan å sende oss fleire tilbakemeldingar om status for dette arbeidet.
Dersom du seinare opplever at skulen ikkje gjer det skulen skal, kan du melde saka til oss på nytt. Hugs at du først må snakke med rektor om at du meiner skulen ikkje gjer nok for at du skal ha det trygt og godt.