Den nye opplæringslova tredde i kraft den 1. august 2024. I den nye opplæringslova er omgrepet «spesialundervisning» bytta ut med «individuell tilrettelegging». Du kan klage på vedtak om individuell tilrettelegging. Vedtak om individuell tilrettelegging omfattar vedtak om personleg assistanse, vedtak om fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel, og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring.
Du kan også klage dersom du meiner at eleven ikkje får det som han eller ho har krav på etter vedtaket.
Klagen skal sendast til den som har gjort enkeltvedtaket. Det kan vere skulen, kommunen eller fylkeskommunen. Klageretten gjeld for elevar og foreldre. I klagen skriv du kort om kva du klagar på og kvifor. Dersom du ikkje får medhald i klagen, skal saka sendast til Statsforvaltaren utan ugrunna opphald. Det er kommunen/fylkeskommunen eller skulen som skal sende saka til Statsforvaltaren og leggje ved all relevant dokumentasjon. Statsforvaltaren er klageinstans og gjer endeleg vedtak i saka.
Dersom du har generelle spørsmål om regelverket, kan du kontakte oss på telefon eller skriftleg via vårt meldeskjema.
For meir informasjon om saksgongen for individuell tilrettelegging kan du lese rettleiaren på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.