For deg som bur i institusjon

Oppdatert 12. mai kl. 09:58

Når du bur i institusjon, har du fleire rettar og du skal få vere med på å påverke din eigen kvardag. Viss det er noko du ikkje likar eller er misnøgd med, skal dei vaksne på institusjonen høyre på kva du har å seie.

Rettane dine

Når du bur på institusjon, har du fleire rettar.

Du kan klage til oss

Statsforvaltaren skal passe på at institusjonen gjer jobben sin, og ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å følgje med på at institusjonen følgjer lover og reglar. Du kan klage til oss dersom det er noko du meiner er feil.

Klage på vedtak eller protokoll

Dersom institusjonen gjer inngrep i rettane dine eller brukar fysisk makt for å avverje skade, skal dei vaksne skrive eit vedtak og protokoll om kva som hende.

Dei vaksne på institusjonen skal gå gjennom inngrepsprotokollen saman med deg, og du skal få tilbod om å klage. Dei vaksne skal hjelpe deg med å klage dersom du ønskjer det. Når du skal klage på vedtak og protokoll, brukar du klageskjemaet du får utdelt. Ein vaksen du er trygg på, kan skrive ned det du seier og hjelpe deg med å sende klagen til Statsforvaltaren. Foreldra dine har også rett til å klage.

Statsforvaltaren les alle inngrepsprotokollar, anten du klagar eller ikkje. Det gjer vi fordi vi har ansvar for å følgje med på institusjonens bruk av inngrep og fysisk makt.

Tilsyn

Minst to gonger i året kjem det nokon frå Statsforvaltaren til institusjonen for å sjå til at du har det trygt og godt der du bur. Dette kallar vi tilsyn. Nokre gonger seier vi frå om at vi kjem, andre gonger ikkje.

Derfor vil vi snakke med deg

Det er du som kjenner din eigen situasjon best og kan fortelje oss korleis det er å bu på institusjonen. Derfor er det viktig at vi får snakke med deg. Viss du ikkje er der når vi kjem, kan vi avtale at vi snakkar på telefon seinare.

Vi passar på at institusjonen hjelper deg som bur der på ein god måte. Då treng vi å høyre frå deg. Det er viktig at du seier ifrå dersom nokon behandlar deg eller andre dårleg.

  • Kva er bra og kva er dårleg på institusjonen?
  • Kva tenker du kan gjerast betre?
  • Får du god og nyttig hjelp?
  • Er det nokon du kjenner at du ikkje kjem overeins med? Og korleis løyser de dette?
  • Får du sagt di meining når dei vaksne skal ta ei avgjerd som gjeld deg?
  • Er det noko eller nokon som plagar deg?
  • Får du hjelp til å halde kontakt med vener og familie?
  • Får du nødvendig hjelp med skulearbeidet?
  • Får du hjelp til å ta vare på morsmålet ditt dersom det ikkje er norsk?
  • Blir det teke omsyn til religionen din?
  • Får du vere med på aktivitetar?
  • Korleis er kontakten med saksbehandlaren din?

Du kan snakke med oss aleine, eller du kan ha med ein person du stolar på. 

Du treng ikkje førebu deg til samtalen. 

Viss det er noko du er misnøgd med eller ønsker å prate med oss om, kan du ta kontakt med oss når du sjølv vil. Du treng ikkje vente til vi kjem på besøk.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.