Liv Signe Navarsete blir statsforvaltar i Vestland

Liv Signe Navarsete

I statsrådet i dag vart Liv Signe Navarsete utnemnd til statsforvaltar i Vestland for ein periode på seks år. Ho tiltrer 1. september.

Publisert 03.06.2022

– Med Navarsete får vi ein erfaren og engasjert statsforvaltar med på laget, med brei innsikt i offentleg forvaltning og stor kjennskap til Vestland, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.

Liv Signe Navarsete er tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for Senterpartiet. Ho er 63 år, kjem frå Lærdal og er utdanna cand.mag. i økonomi, administrasjon og IKT ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Navarsete var partileiar frå 2008—2014 og har vore samferdsleminister og kommunalminister. Ho var innvald til Stortinget frå Sogn og Fjordane frå 2005 til 2021.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.