God miljøgevinst
Krevjande vêrforhold i år har gjeve mange bønder ein del utfordringar knytt til mellom anna gjødsling. Miljøgevinsten ved nedlegging eller nedfelling med tilførselslange har likevel vore god ved bruk av utstyret. Difor kan du søke regionalt miljøtilskot dersom du har brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange ein eller fleire gongar før fristen 10. august. Dette gjeld sjølv om du gjødslar same areal med med anna utstyr etter 10. august.
Ikkje lenger dekaravgrensing på nedlegging og nedfelling
Det vart gjort ei endring i dette RMP-tilskotet i vår, der taket på maks 100 dekar vart fjerna. Det er dermed ikkje lenger nokon øvre dekargrense på kor mykje areal som gjev tilskot til nedlegging eller nedfelling.
Avgrensinga på maks 100 dekar er vidareført i tilskotet som ein får gjennom spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange. Fordelen med dette er at ein framleis får gode tilskot til dei som gjødslar 70 -100 dekar. Samstundes vert det stimulert til og registrert bruk av nedleggingsutstyr på ein mykje større del av jordbruksarealet. Ved å behalde 100-dekar grensa på tilskot til bruk av tilførselslange, har vi kunna holde satsen høg der.
Lenke til tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel.
Lenke til tilskot til nedfelling av husdyrgjødsel.