Løys oppgåvene dine i rettshjelpsportalen
For advokatar er det obligatorisk å bruke portalen. Berre tolkar som er registrerte i Nasjonalt tolkeregister, kan sjølv sende inn salæroppgåver. Andre tolkar må få advokaten til å sende inn salæroppgåva.
Du må logge inn med ID-porten for å få tilgang til portalen.
Statsforvaltaren betalar ut salæret til deg.
Statsforvaltaren gjer vedtak om kor stor eigenandelen skal vere. Statens innkrevingssentral hos Skatteetaten krev inn eigenandelen.
Viss du ikkje er registrert i Nasjonalt tolkeregister, må du be advokaten søke salær på vegner av deg. I slike tilfelle er det advokaten som betalar ut salæret du skal ha for tolkeoppdraget.
/////Uferdig tekst, må kontrollerast
Rettshjelpskalkulatoren gir ei førebels berekning av om søkaren fyller dei økonomiske vilkåra, og kva eigenandelsprosent søkaren kan forvente.
Rettshjelpskalkulatoren ligg både innanfor og utanfor innlogging. Viss du loggar inn i portalen med organisasjonsnummeret ditt, vil kalkulatoren forsøke å innhente økonomiske opplysingar om søkaren og partnaren til søkaren frå Skatteetaten og Folkeregisteret.
Viss du brukar rettshjelpskalkulatoren utan å logge inn, må du sjølv legge inn opplysingane kalkulatoren treng.
Viss det er endringar i økonomien til søkaren, må du korrigere opplysingane i skjemaet. Det same gjeld viss det er endringar i økonomien til ektefella eller sambuaren til søkaren.
Endringar i økomien må dokumenterast ved at du lastar opp /////
Starta advokatoppdraget før 15. oktober 2025?
Dersom advokatoppdraget starta før 15. oktober 2025, skal du framleis bruke rettsrad.no. For saker som starta før denne datoen, gjeld dei økonomiske vilkåra og ordninga for eigenandel slik reglane var fram til 15. oktober.
Du finn meir informasjon i Rundskriv om fri rettshjelp på sivilrett.no.