Ja, må han leva! Jotunheimen 40 år

Høgt og vilt landskap kjenneteiknar Jotunheimen nasjonalpark. No fyller verneområdet 40 år!
Høgt og vilt landskap kjenneteiknar Jotunheimen nasjonalpark. No fyller verneområdet 40 år! Foto: Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. v/ Eldrid Nedrelo.

Vi gratulerer Jotunheimen og Utladalen med 40 årsdagen! Jotunheimen er ein av dei mest kjende og besøkte nasjonalparkane våre, og Utladalen landskapsvernområde inviterer til besøk inn i det særprega kulturlandskapet. Tre gonger tre hurra for jubilanten!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2020

Bakgrunnen for vernearbeidet

Spørsmålet om nasjonalpark i Jotunheimen var fyrste gong oppe for over hundre år sidan, i 1902. Turistforeningen fremja, i samarbeid med Foreningen for naturfredning i Norge, eit framlegg om vern i 1938. Naturvernrådet arbeidde vidare med dette framlegget, og i landsplanen for nasjonalparkar i Noreg frå 1964 var Jotunheimen ein av 16 nasjonalparkar det vart gjort framlegg om å opprette.

Vern av Gjende stod sentralt i planane i 1964, men dette var ikkje så populært blant dei som ønskte å byggje ut vasskrafta i området. Arbeidet med Jotunheimen nasjonalpark måtte vente på politisk avklaring i dette spørsmålet om vassdragsutbygging. I 1973 handsama Stortinget den første verneplanen for vassdrag. Heile Sjoavassdraget med Gjende vart varig verna.

Arbeidet med verneplanen for nasjonalpark kom i gong att etter vassdragsvernet.  Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart då etablert den 5. desember 1980. 

Avdal gard har ein sentral plass i kulturlandskapet i Utladalen, og er mykje besøkt i sommarhalvåret. Landskapet vert skjøtta og bygningane er godt tekne vare på. (Foto: Fylkesmannen i Vestland v/Maria Knagenhjelm.)

Forvaltning

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane overtok forvaltingsmyndigheita for Jotunheimen og Utladalen frå Direktoratet for Statens Skoger og fylkesskogkontoret. Ordninga med dei kommunale tilsynsutvala sikra jamleg og god dialog med dei fem kommunane som var omfatta av vernet frå starten.

I 2011 vart forvaltingsmyndigheita overført til Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Jubilanten blir godt forvalta av det politisk oppnemnte styret som har representantar frå dei ulike kommunane og fylkeskommunane med areal i verneområdet. Du kan lese meir om Jotunheimen og Utladalen på heimesidene til nasjonalparkstyret.

Friluftsliv er ein viktig del av opplevinga av Jotunheimen. Det er mange flotte stiar å gå, og hytter å overnatte i. Jotunheimen er ein av landets mest kjente verneområde. Foto: Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen v/ Eldrid Nedrelo.

Velkommen inn!

Nasjonalparkstyret inviterer alle til å delta i ein spørjekonkurranse i samband med jubileet. Du finn informasjon om konkurransen her.

Både Norsk Fjellsenter og Utladalen naturhus har utstillingar og formidling av Jotunheimen og Utladalen. Her kan du også sjå den nye besøksretta heimesida til nasjonalparken. 

Fylkesmannen gratulerer igjen og ønskjer den spreke jubilanten eit langt og godt liv - også til glede for framtidige generasjonar! 

I Utladalen kan ein oppleve eit godt skjøtta kulturlandskap med nyrestaurerte bygningar, styva tre, beitedyr og fuglesang. Landskapet er til nytte og glede både for naturmangfald og friluftsliv. Foto: Fylkesmannen i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.