Lisensfelling av jerv startar 20. august

Etter endringa som trådde i kraft i fjor, er fellingsperioden for jerv frå og med 20. august 2023 og varer til 15. februar 2024. 

Publisert 10.08.2023

Lisensfellinga gjeld for heile Vestland.

Vedtak om lisensfelling av jerv som er fatta for perioden 2023-2024 gjeld frå og med 20. august 2023. Rovviltnemndene kan som tidlegare fastsette ein kortare lisensfellingsperiode dersom dei meiner det er grunnlag for dette. Rovviltnemnda har vedteke at 8 jervar kan fellast under årets lisensfelling i region 1.

Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinære uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv. Felling av jerv krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jervejakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar) 51 56 89 00. Den som feller jerv, eller løyser skot mot jerv, skal straks melde frå til Statsforvaltaren på tlf. 48 14 30 95 og Statens naturoppsyn på tlf. 48 09 43 64.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.