Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss.
Miljø og klima
Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.
Nyhende om miljø og klima
28.07.2026Høyring søknad om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid- etablering Bredvatn kraftverk i Bremanger kommune for Sogn og Fjordane Energi
Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal byggje Bredvatn kraftverk i Bremanger kommune med forventa oppstart i 2027 og anleggsarbeid i ca to år. Dei søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeida. Høyringsfrist er 28. august 2026.
28.07.2026
Søknad om endring av løyve til anleggsarbeid med utslepp til sjø - Bue Salmon - landbasert matfiskanlegg - Lutelandet i Fjaler kommune
Bue Salmon fekk løyve etter forureiningslova (løyvenr. 2026.0141.T) den 20. februar 2026 for anleggsarbeid knytt til bygging av landbasert matfiskanlegg på Lutelandet i Fjaler kommune. Dei søkjer no om endring av løyvet.
03.07.2026
Høyring av verneforslag for Årøy naturreservat i Sogndal
Vi sender forslaget om Årøy naturreservat i Sogndal kommune ut på høyring. Du kan sende innspel til oss om verneforslaget innan 21. august 2026.
01.07.2026
Utviding av Austefjorden og Blånuten naturreservat på høyring
Vi sender på høyring forslag om utviding av Austefjorden og Blånuten naturreservat gjennom frivillige skogvern. Du er velkomen til å sende inn innspel innan 15. september 2026.
25.06.2026
Høyring av søknad om endring av løyve ved Envir AS i Simonsviken, Bergen
Envir AS søkjer om endring av løyve etter forureiningslova til jordvaskeanlegg i Simonsviken, Bergen kommune. Det er søkt om auke i mengde masse som tas inn til behandling frå 50 000 tonn til 150 000 tonn per år, auka mengd på lager og løyve til å knuse stein med diameter over 90 mm innandørs. I tillegg er det søkt om auka grenseverdi for TOC på vatn som skal gjenbrukast i prosessen.
23.06.2026
Mudring i Vågen ifb marinarkeologiske undersøkingar - høyring av søknad om løyve etter forureiningslova
Bergen kommune ved Renere havn Bergen søkjer om løyve etter forureiningslova til å grave i forureina sediment i Vågen. Cowi har i vedlagd søknad risikovurdert arbeidet i Vågen og føreslått avbøtande tiltak for å redusere faren for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå. Vi ber om uttaler innan 3. august 2026
22.06.2026
Det første året med det nye overvakingsprogrammet for Sognefjorden er klart
Undersøkingane for fleire vassførekomstar viser utfordringar knytt til miljøgifter, men viser gode økologiske forhold i store delar av fjordsystemet.
22.06.2026
Vi startar arbeidet med forvaltningsplan for Dalsfjorden marine verneområde
Dalsfjorden marine verneområde vart verna i vinter, og no set vi i gang arbeidet med å skrive forvaltningsplan. Vi inviterer til innspel i oppstartsfasen og til ope møte i Bygstad.
19.06.2026
Kunngjering av løyve til deponi på Mjelstad på Osterøy
BIR Ressurs AS avd. Mjelstad har 17. juni 2026 fått løyve etter forureiningslova til utviding av deponiet på Mjelstad. Det er gitt løyve til mottak av 80 000 tonn ordinært avfall og 30 000 tonn inert avfall per år.
15.06.2026
Høyring av frivillig skogvern for Bråvollsli og Husedalen i Ullensvang
Vi sender på høyring frivillig skogvern av nasjonalt viktig skog i Bråvollslii og Husedalen i Ullensvang kommune. Du er velkomen til å sende inn innspel innan 15. september 2026.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel
Kontaktpersonar
-
Aslaug Aalen
Tlf: 55 57 20 13