Søknad til klima- og miljøprogrammet 2023

Forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima. Søknadsfristen er 31. mars 2023.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2023

Statsforvaltaren forvaltar midlane som går til fylkesvise tiltak. Ramma for 2023 er på 650 000 kroner. Utfylling av søknad skal gjerast i Altinn.

Formålet med tilskotsordninga

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø.

Prosjekta skal medverke til at eksisterande eller ny kunnskap raskt når ut til næringsutøvarar, å oppdatere kunnskap for rådgjeving og forvaltning, og å informere om jordbruket sin miljøinnsats til samfunnet elles.

Programmet omhandlar dei fem kategoriane klimatilpassing, klimagassutslepp, jord, naturmangfald og kulturverdiar i kulturlandskapet og forureining til vatn, jord og luft.

Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

  • At produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av naturmangfald
  • Å auke miljøbidraget frå landbruket, som kulturlandskap, naturmangfald, binding av karbon og produksjon av biogass
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og vareta produksjonsressursane

Kven kan søkje?

Føretak som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. Døme på aktuelle søkjarar er:

  • Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar)
  • Fag- eller næringsorganisasjonar
  • Kommunar og andre føretak

For å kunne søkje, må føretaket vere registrert i Einingsregisteret.

Prioriteringar i 2023

Prosjekt som bidrar til å styrke kunnskapsgrunnlaget om klimautfordringar og for oppfølging av vassforskrifta, vil bli prioriterte i 2023. I dette ligg òg kunnskap om tiltak for redusert avrenning og reduserte klimagassutslepp.

Klimatilpassing

Prosjekta skal bidra til auka fleksibilitet i matproduksjonen, og å gjere denne meir robust, m.a. i form av langsiktig bevaring av ressursgrunnlaget. Prosjekta kan omhandle tilpassing av dyrkingsteknikk, gjødsling, dyrkingssystem, etablering av driftsvegar, dekkesystem for frukt og bær og eit dyre- og plantemateriale som er tilpassa endra klimaforhold. Det kan òg vere aktuelt med prosjekt som viser kva effekt dei endra klimatilhøva og den auka risikoen for spreiing av framande artar og plante- og dyresjukdomar, vil ha for forvaltning av naturmangfald og jordbruket sitt kulturlandskap.

Drenering er framleis eit prioritert område. Prosjekt som rettar seg mot førebygging av skade på jord og avlingar, som m.a. hydroteknikk og dyrkingssystem er òg aktuelle.

Klimagassutslepp

Metan frå husdyr, utslepp frå husdyrgjødselhandtering og lystgass frå prosessar i jorda er store kjelder til klimagassutslepp frå jordbruket. Bruk av fossile energikjelder og nedbryting av karbon i jord gir også utslepp. Det er ønskjeleg med prosjektsøknader som aukar kunnskapen om korleis desse utsleppa kan reduserast. Opptak av karbon er òg viktig for å nå klimamåla. Dette er omtalt under temaet «jord».

Det er spesielt ønskjeleg med prosjekt som ser på korleis bønder kan gjere klimatiltak på sin gard. Prosjekt som ser på korleis verkemiddel verkar inn på ulike landbrukspolitiske mål for klima og miljø er òg aktuelle.

Jord

Jord er eit viktig grunnlag for å produsere mat. Truslane mot matjorda og god jordkvalitet har fått auka merksemd både internasjonalt og i Norge. I tillegg til å svekke matjorda si produksjonsevne, fører svekka jordkvalitet/jordhelse til auka avrenning av næringsstoff, tap av biologisk mangfald og til CO2 - utslepp.

Det er behov for auka kunnskap om jordhelse under norske forhold, både innanfor grunnleggande forsking, men òg i praktisk retta problemstillingar. Praktisk kunnskap som kjem bonden til gode er prioritert.

Aktuelle områder der det kan vere behov for praktisk retta kunnskap er:

  • Fangvekstar som jordhelsetiltak
  • Samspel mellom planteartar, plantemangfald og jordbiologi for aggregatdanning, jordhelse og karbonbinding over tid
  • Redusert jordpakking: t.d. pløyefri dyrking, nedmolding av overvintrande plantedekke eller faste køyrespor
  • Utvikling av dyrkingssystem som prøver ut fleire jordhelsefremjande tiltak relatert til dei fire jordhelseprinsippa

    1. Minimer forstyrringar av jorda
    2. Maksimer jorddekke
    3. Maksimer mangfaldet
    4. Maksimer tida med levande planter

  • Utprøving av pedagogiske metodar for synleggjering av forbedra jordhelse og systematisering av resultat frå jordhelseprosjekt, retta mot praktikarar og rettleiarar
  • Kunnskapsdeling og bevisstgjering mellom bønder om god jordhelse
  • Agronomiske effektar av biokol på jordfunksjonar og praktisk bruk av ulike biokolprodukt

Naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet

Strukturendringar og endring i driftsform kan skape utfordringar for kulturpåverka naturmangfald og for økosystemtenester i jordbrukslandskapet. M.a. er det nødvendig å vite meir om tiltak som kan sikre gode leveområde for pollinatorar og fuglar i jordbrukslandskapet, og kva tiltak som er eigna for å nå desse måla.

Eit sentralt tema er korleis kulturlandskap og biologisk mangfald kan styrkast og gjerast synlege i kombinasjon med vanlig jordbruksdrift. Formidling av god praksis for istandsetting og skjøtsel av kulturminne og utvalde naturtypar, anna trua natur og prioriterte artar er andre aktuelle problemstillingar. Kunnskap om effektive tiltak for fjerning av framande, skadelege artar er aktuelt. Det kan òg vere aktuelt med prosjekt som informerer om landbruket sitt bidrag til naturmangfald, kulturlandskap og varetaking av kulturminne.

Forureining til vatn, jord og luft

Eit godt kunnskapsgrunnlag kring forureiningskjelder og effekt av tiltak er nødvendig for å målrette og gje god oppslutning om nødvendige tiltak. Det er m.a. ønskjeleg med prosjektsøknader innan:

  • Gjødsling
  • Lagring og handtering av husdyrgjødsel og biorest
  • Jordarbeiding
  • Erosjon og arealavrenning
  • Drenering og hydroteknikk

Det er behov for å styrke kunnskapsgrunnlaget i oppfølging av vassforskrifta. Tiltak som kan auke kunnskapen om barrierar og moglegheiter for auka oppslutnad i områder med utfordringar i vasskvalitet er difor aktuelle.

Det er spesielt behov for betre kunnskap om effekt av fangvekstar som avrenningstiltak i grønnsaksproduksjon. Undersøkingar av effekt av andre vassmiljøtiltak i grønsaksproduksjon er òg aktuelt.

Prosjekt som ser på tiltak for å redusere ammoniakkutslepp, jf. Noregs forplikting til Gøteborgprotokollen, er aktuelle. Det er òg prosjekt som ser på potensialet for bruk av biogjødsel og kompost.

Søknadsfristen er 31. mars.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.