Har du vipe på marka di og ønskjer å legge til rette for vellukka hekking?

Vipe.
Vipe. Foto: Leif Harboe.

Våren er like rundt hjørnet og vipa har dukka opp fleire plassar i fylket. Hugs å ta kontakt om du skal tilrettelegge for fugl i kulturlandskapet (vipe, åkerrikse og storspove).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.04.2022

Statsforvaltaren gir tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl i kulturlandskapet gjennom regionalt miljøprogram for Vestland (RMP).

For at du skal kunne få utbetalt tilskot frå kommunen, må du avtale aktuelle tiltak med oss. Ta kontakt med Olav Overvoll, e-post: fmhooov@statsforvalteren.no eller tlf. 55 57 23 15.

Etter avslutta hekkesesong vil du få ein e-post frå oss som, basert på gjennomførte tiltak, gir ei tilråding om tilskotssum. Denne e-posten må leggast ved søknaden om RMP-tilskot.

«Avtalen» må fornyast kvart år, så søkjarar frå tidlegare år må ta kontakt for ny avtale som vil vere gjeldande for 2022.

Sjå lenke til høgre, for meir informasjon om tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl i kulturlandskapet (vipe, åkerrikse og storspove).

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.