Miljøtiltak

Oppdatert 08.04.2024

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Statsforvaltaren skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.01.2020

Bønder tek miljøansvar

Regionalt miljøprogram for Vestland har fordelt 58,7 mill. kr til bønder som gjer ein ekstra miljøinnsats innan prioriterte tiltak på sitt gardsbruk.


Publisert 22.10.2019

BEIT – ein optimistisk konferanse om klima, landbruk, fjøs, teknologi og slikt

Landbruk er ei utsleppskjelde for klimagassar, men kan også vere del av løysinga. Det hastar med å finne løysingar. BEIT er eit bidrag til dette.


Publisert 25.09.2019

Midlar til tiltak i utvalde kulturlandskap

Fylkesmannen i Vestland lyser ut midlar til tiltak i utvalde kulturlandskap (UKL) Grinde og Engjasete og Stadlandet med søknadsfrist 10. oktober 2019.


Publisert 25.09.2019

Midlar til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Nærøyfjorden

Fylkesmannen i Vestland lyser ut midlar til tiltak i verdsarvområdet med søknadsfrist 15. oktober 2019.


Publisert 12.06.2019

Nytt regionalt miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane

Som ein del av miljøprogrammet kan bønder søkje tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, å ta vare på biologisk mangfald og kulturminne, og å redusere ureining. Oversikt over dei ulike tilskota i miljøprogrammet.


Publisert 04.03.2019

Nytt hefte om lagring av rundballar

Norsk Landbruksrådgiving Vest og Landbruk Nordvest har laga eit nyttig rettleiingshefte om gode løysingar for lagring og handtering av rundballar.


Publisert 26.02.2019

SMIL- og dreneringsmidlane er fordelt til kommunane

Fylkesmannen i Vestland har fordelt rammer til SMIL- og dreneringstilskot for 2019.


Publisert 25.02.2019

Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel

Frå og med 2019 vert det tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med nedfelling eller nedlegging i Vestland. Tilskotet er ein del av regionale miljøtilskot. Tilskot til nedlegging har vore fleire år i Hordaland, men det er litt endra vilkår, så «gamle» søkjarar bør òg lese dette.


Publisert 14.02.2019

Høyring av forskrift for regionale miljøtilskot i jordbruket i Vestland

Fylkesmannen i Vestland har utarbeidd eit forslag til ny forskrift for dei regionale miljøtilskota, òg kalla RMP-tilskot. Forskrifta er no på høyring og fristen for tilbakemeldingar er 1. april 2019.


Publisert 30.01.2019

Dobla tilskot til drift av bratt areal

Fylkesmannen har prioritert å auke tilskot til drift av bratt areal, stølsdrift og drift av beitelag ved fordeling av restmidlane for Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2018.