Tilskot ved produksjonssvikt (tidl. erstatning ved avlingssvikt)

Gardsbruk med store avlingstap grunna klima kan søkje om tilskot ved produksjonssvikt innan 31. oktober. Søknadsfristen er endeleg. Vi tilrår å søkje elektronisk via Altinn.

Publisert 17.10.2019, Sist endra 27.03.2023

Søknaden blir tatt i mot av kommunen, som gir uttale til søknaden og sender saka vidare til Statsforvaltaren. Vedtak om tilskot for produksjonssvikt blir fatta av Statsforvaltaren og utbetaling skjer fortløpande.

Meld frå til kommunen

Føretaket bør melde frå til kommunen så snart det fattar mistanke om produksjonssvikt. Kommunen skal ha høve til å kontrollere skadeårsaka. Søkjar må sjølv dokumentere årsaka til skade.

Meir enn 30 % tap

I ordninga er det sett ein eigenrisiko på 30%. Dette inneber at føretak som har meir enn 70% av normal avling ikkje får tilskot for produksjonssvikt.

Ein må vurdere alle årsakene til skade

Det blir berre gitt tilskot ved klimabetinga produksjonssvikt. Skade etter sjukdommar, skadedyr og ugras gir ikkje rett på tilskot for produksjonssvikt. Når produksjonssvikt skuldast ein kombinasjon av både skader som gjev rett på tilskot og skader som ikkje gjev rett på tilskot, skal klimaprosenten justerast ned.

Det er krav om at avlinga blir hausta. Unntaksvis kan ein gje tilskot ved produksjonssvikt for uhausta areal, til dømes ved ekstraordinært vanskelege hausteforhold eller når haustekostnaden overstig verdien av avlinga. Dette er berre mogleg når kommunen, etter kontroll på bruket, har godkjent manglande hausting og vurdert kor stor avling som står uhausta.

Forventa avling i frukt, bær og anna planteproduksjon

Forventa avling i skadeåret vert berekna ut frå snittavling per dekar basert på avlingstala for dei fem siste åra før skadeåret. Søkjar kan krevje at eitt av dei fem siste åra (året med lågast avling) blir erstatta med det sjette året før skadeåret. Ved oppbygging, nedbygging, eller omlegging av drifta som medfører store endringar i areal i bæring for snittåra eller skadeåret, vil Statsforvaltaren fastsetje forventa avling i skadeåret skjønsmessig. Her er det viktig at søkjar fyller ut korrekte tal for areal ute av bæring og dokumenterer dette (sjå også vedlagte hjelpeskjema).

For å berekne tilskot ved produksjonssvikt trekkjer ein først frå ein eigenandel på 30% frå forventa avling, deretter trekker ein frå avlinga i skadeåret. I tillegg skal det trekkast for reduserte haustekostnader. Forventa avling blir berekna for kvar av dei 6 vekstgruppene, grovfôr, frukt, bær, potet, grønsaker og korn. Det er samla tap innanfor ei vekstgruppe som må overstige eigenandelen på 30%. Til dømes kan ei god avling i eple vege opp for ei dårleg plommeavling, og ved eit slikt tilfelle vil ikkje det totale avlingstapet i vekstgruppa «frukt» bli stort nok til at ein får tilskot for produksjonssvikt, trass stor svikt i plommeavlinga.

Ekstraordinært for føretak med frostskadde frukttre vinteren 2020/2021

Statsforvaltaren kan skjønnsmessig justere gjennomsnitssavlinga ved følgjeskadar etter frostskade i fruktre vinteren 2020/2021. Dette inneber at areal med frostskadde fruktre kan bli tatt med i arealgrunnlaget for tilskot ved produksjonssvitk i tidsrommet inntil det er planta på nytt og med varigheit i maksimalt fem år etter frostskaden har skjedd. Jf. sluttprotokoll frå forhandlingsmøtet i 2022 mellom staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er det eit vilkår at det er påvist frostskade på minst 500 frukttre og at det frostskadde arealet må vere replanta/erstatta med nye tre innan 3 år etter at skaden har skjedd.

Normavling av grovfôr på husdyrbruk

Avlinga blir berekna ut frå normtal for kommunen. Normavling for alle kommunane i Vestland er sett til å vere 540 FEm/daa på fulldyrka eng og 430 FEm/daa på overflatedyrka eng og andre grovfôrvekstar.

Ofte er det andre årsaker enn klima som har resultert i produksjonssvikt. Søkjar og kommunen må gjere ein systematisk gjennomgang av driftstekniske og naturgitte faktorar som påverkar avlingsmengda, til dømes driftsintensitet, jordkvalitet og høgd over havet samanlikna med snittet for kommunen. Ut i frå dette skal både søkjar og kommune fastsette kor stor prosentdel av produksjonssvikten som skuldast klima.

Normavlinga for økologisk drift er 25 % mindre enn den aktuelle normavlinga. Kravet er at meir enn halvparten av arealet blir økologisk dyrka i skadeåret. Areal under omlegging blir ikkje rekna som økologisk.

Utrekning av grovfôravling i skadeåret

Årets avling omfattar oppmålt fôrlager når dyra vert sett inn om hausten, i tillegg til grovfôropptak frå nullbeiting (fôring med friskt gras), fôring av årets hausta avling og beiting på dyrka jord. Oppmålinga skal skje saman med kommunen etter at innhaustinga er avslutta og på det tidspunktet når hovudtynga av dyra vert sett inn eller vert fôra inne. Det vert rekna svinn av oppmålt fôrlager.

Dokumentasjon

Opplysningar må bli dokumentert med vedlegg. Opplysningar som vert stadfesta av rekneskapskontoret treng ikkje dokumenterast med kopi av rekneskapsbilag. Dei som fører eige rekneskap må få stadfesting av revisor eller av kommunen etter kontroll mot hovudboka i rekneskapen. Sjå hjelpefil for frukt og bær (excel-dokument).

Ikkje full erstatning av reelt tap

Føremålet med ordninga er å redusere økonomiske tap som oppstår ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske tilhøve som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Det blir difor brukt standardsatsar som ikkje er meint å vere like dei faktiske prisane. Det er ikkje mogleg å få høgare sats per kg frukt eller bær sjølv om ein har direktesal med høgare pris. Berekna tilskot for produksjonssvikt under kr 5.000 og over kr 750 000 blir ikkje utbetalt. Det er eigne satsar for kvar vekst. Oversikt over ulike satsar finn ein i sats- og beregningsforskriften.

Sjå nyttige lenker i menyen til høgre.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.