Klimaomstillingskonferansen 2026

Dato:
21. september 2026 11:00 - 22. september 2026 16:00
Stad:
Sogndal
Arrangør:
Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, Vestlandsforskning, Klimapartnere, KS, Kartverket og NORCE

Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid? Det er hovudspørsmålet i årets utgåve av Klimaomstillingskonferansen, som finn stad i Sogndal 21.-22. september.

Publisert 04.05.2026

Verda er prega av stor uro for tida, og 2026 er med god grunn utnemnt til Totalberedskapsåret. Samstundes har vi ei klima- og naturkrise som forsterkar desse utfordringane. 

I år vil dei løfte fram korleis ein held fram i arbeidet med klima- og naturkrisa når mykje av samfunnet si merksemd er retta mot tryggleik og beredskap.

21. september er temaet klimatilpassing. Her kan du mellom anna lære om dei nye klimaframskrivingane frå Norsk klimaservicesenter og høyre innlegg om sivil beredskap. Nytt av i år er at alle forskingsmiljø i Noreg er invitert til å legge fram nytt frå forskinga på klimatilpassing.

22. september vert tema utsleppskutt. Kommunar og næringsliv har framleis ein stor jobb framfor seg. Korleis kan dei halde fram med å gjere sin del av den nødvendige omstillinga vår til eit samfunn med låge utslepp av klimagassar?

Fram til 15. mai får du redusert pris. Meld deg på her!

Dato:
21. september 2026 11:00 - 22. september 2026 16:00
Stad:
Sogndal
Arrangør:
Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, Vestlandsforskning, Klimapartnere, KS, Kartverket og NORCE