Del 2: Frå foreldreheim til eigen bustad for unge med behov for tverrfaglege tenester – digital samling for alle som arbeider med barn, unge og foreldre

Dato:
29. mai 2024 12:30 - 15:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Målgruppe for denne delen av samlinga er leiarar og tilsette, som på ulike måtar arbeider med unge vaksne som treng tverrfaglege og koordinerte tenester i overgangen frå foreldreheim til eigen bustad: Nav, bustadkontor/startlån, koordinerande einingar, BUP, tenester for barn med funksjonshemming og funksjonsnedsettingar, barnevern, barnekoordinatorar, fastlegar, osb.
Påmeldingsfrist:
28. mai 2024 12:00

Ein del unge vaksne har behov for tverrfaglege og koordinerte tenester i overgangen frå foreldreheimen til eigen bustad. Få informasjon og inspirasjon til å skape endå betre overgangar, og meir heilskaplege tenestetilbod for desse.

Publisert 02.05.2024

Ifølgje den nasjonale strategien for den sosiale bustadpolitikken «Alle trenger et trygt hjem» (2021-2024) skal alle personar med funksjonsnedsettingar, på lik linje som andre, kunne velje kor og korleis dei skal bu.

Det er mange tenester som må samarbeide når ein ung vaksen person, med behov for tverrfaglege og koordinerte tenester, er klar for å flytte frå foreldreheimen til eigen bustad. Det handlar om framskaffing av eigna bustad i ønska område, finansiering, inntektssikring, utdanning/arbeid, tenester i heimen med meir. Det kan vere krevjande for ein kommune å få koordinert alle desse, og yte gode tenester innan rimeleg tid.

Korleis kan vi skape endå betre og meir heilskaplege tenestetilbod for denne gruppa? De vil mellom anna få høyre frå Løvemammane, Sunnfjord kommune og SINTEF sin rapport «Likestilt, normalisert og inkludert? Erfaringer med kjøp av egen bolig for utviklingshemmede».

Programmet for samlinga. 

For meir informasjon og påmelding til del 1 av samlinga, kan du følgje denne lenkja: Del 1: Innanforskap og medverknad – digital samling for alle som arbeider med barn, unge og foreldre

Påmelding 

Det er gratis å delta på samlinga. Du melder deg på via skjema nedst på denne sida, og får tilsendt lenkje til samlinga 28. mai.  Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at e-postadressa di blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet.  Les meir om personvern og nettryggleik under "Lenkjer". 

Påmeldingsskjema

Dato:
29. mai 2024 12:30 - 15:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Målgruppe for denne delen av samlinga er leiarar og tilsette, som på ulike måtar arbeider med unge vaksne som treng tverrfaglege og koordinerte tenester i overgangen frå foreldreheim til eigen bustad: Nav, bustadkontor/startlån, koordinerande einingar, BUP, tenester for barn med funksjonshemming og funksjonsnedsettingar, barnevern, barnekoordinatorar, fastlegar, osb.
Påmeldingsfrist:
28. mai 2024 12:00