Digitalt grunnkurs i økonomisk rådgjeving

Dato:
23. april 2024 - 24. april 2024
Stad:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som treng kunnskap om enkel økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving
Påmeldingsfrist:
19. april 2024 16:00

Vi har opna for påmelding. Viss tidspunktet for dette kurset ikkje passar, kan du delta på tilsvarande kurs 13.-14. februar.

Publisert 05.01.2024

Du melder deg på via påmeldingsskjema nedst på sida for å kunne delta. Ved å melde deg på samtykker du til at namn og e-postadresse kan vere synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Kurset er klokka 09.00 - 13.00 begge dagar, med lunsjpause klokka 11.15 - 11.45. Vi sender ut innkalling til Teams-møtet seinast klokka 16.00 dagen før.

Første dagen skal handle om tenesta økonomisk rettleiing, budsjettrettleiing, pengekravets gang og utleggstrekk.

Andre dagen skal vi snakke om relasjonskompetanse, hjelp til sjølvhjelp, forelding og rådgjeving om gjeldsproblem.

Dette er kurset for deg som:

  • skal kunne gi generell og/eller individuell økonomisk rettleiing uavhengig av om ein er statleg eller kommunalt tilsett
  • er leiar for tilsette som skal gje økonomisk rettleiing
  • har vedtaksmynde på området økonomisk rettleiing

Statsforvaltaren sitt kurstilbod innan økonomisk rådgjeving

Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag held felles kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

I 2024 tilbyr vi desse kursa, som blir gjennomført digitalt:

Påmeldingsskjema

Dato:
23. april 2024 - 24. april 2024
Stad:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som treng kunnskap om enkel økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving
Påmeldingsfrist:
19. april 2024 16:00