Webinar om den bustadsosiale lova

Dato:
1. februar 2024 13:00 - 15:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunar som er involvert i bustadsosial arbeid, og dei som utarbeider planer for kommunen.
Påmeldingsfrist:
31. januar 2024 23:59

Betre lovforankring på det bustadsosiale feltet er vedteke, men kva krav vert stilt til kommunane og korleis skal kommunane ta omsyn til den nye lova?

Publisert 21.12.2023

Ny bustadsosial lov trådte i kraft 1. juli 2023. Føremålet med lova er å få eit tydelegare og meir samla regelverk, og tydeleggjere kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.

Statsforvaltaren i Vestland inviterer utover våren til fleire samlingar om denne lova.

I dette første webinaret vil § 5 Ansvar for organisering og planlegging (Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet - Lovdata) vera hovudtema.

Webinaret er særleg aktuelt for leiarar og fagpersonar som organiserar, planlegg og legg til rette for kommunen sitt ansvar på det bustadsosiale feltet. Samlinga er på Teams, og gratis å delta på.

Program:

  • Velkommen ved Gunnar Hæreid, assisterande statsforvaltar i Vestland
  • Om bustadsosiale omsyn i plan ved Egil Hauge, seksjonsleiar ved planseksjonen hjå Statsforvaltaren i Vestland
  • Informasjon om Husbankens aktuelle verktøy for bustadoversikt og planlegging ved Marthe Kathrud, tenesteigar i Husbanken
  • Datamodell for bustad og velferdssimulering ved Øystein Fjelldal, seniorforskar i NORCE
  • Øygarden kommune delar erfaring og kunnskap om korleis dei arbeider med ny bustadsosial lov ved Kristina Espeseth, samfunnnsplanleggjar i Øygarden kommune

Vi oppmodar kommunar om brei deltaking, slik at de i etterkant av webinaret kan få gode, faglege diskusjonar om busadsosiale omsyn og planlegging.

Det vert ikkje gjort opptak av webinaret.

Påmelding

Dato:
1. februar 2024 13:00 - 15:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunar som er involvert i bustadsosial arbeid, og dei som utarbeider planer for kommunen.
Påmeldingsfrist:
31. januar 2024 23:59

Kontaktpersonar