Samling i nettverk for førebyggande arbeid mot vald og overgrep mot barn og unge

Dato:
15. februar 2024 11:30 - 16. februar 2024 13:00
Stad:
Clarion hotel Bergen, Rosenkrantzgaten 8
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med RVTS, KORUS, RKBU og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland
Målgruppe:
Kommunane sine faste representantar i nettverket
Påmeldingsfrist:
1. februar 2024 23:59

Vi inviterer kommunar som ønskjer å styrke sitt arbeid med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller som vert utsett for, vald og seksuelle overgrep til å delta i nettverket.

Publisert 10.01.2024, Oppdatert 29.01.2024

Det er Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), Statsforvaltaren, Kompetansesenter for rusfeltet (KORUS), Regionalt kompetansesenter for barn og unge (RKBU) og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland som inviterer til samlinga. 

For meir informasjon om bakgrunn, formål og innhald viser vi til informasjonsbrevet sendt til postmottaka i kommunane 8. september 2023.

Fysisk samling for alle faste representantar i nettverket 

Kvar kommune kan melde på mellom to til seks faste representantar til nettverket. Om din kommune ikkje er meldt inn i nettverket, men ønskjer å delta på samlinga, kan de ta kontakt med arrangør. Sjå kontaktinformasjon under «Kontaktpersonar».

Skjema for påmelding finn du nedst på sida.

Praktisk informasjon

Samlinga startar med lunsj klokka 11:30 - 12:30 den 15. februar, og avsluttar med lunsj frå klokka 12:00 - 13:00 den 16. februar.

Det er bindande påmelding. Deltaking på samlinga er gratis. Kommunane må sjølv dekke reiseutgifter. Vi dekker ikkje tilslutningsdøgn når arrangementet er ei lunsj til lunsj samling. Vi dekker overnatting for dei som har meir enn ein times reiseveg. Alle deltakarar blir invitert til å delta på felles middag den 15. februar klokka 19:00. Formålet er mellom anna å få ein uformell arena for å bli betre kjent med dei andre deltakarane i nettverket. 

Program for samlinga kjem så snart det er klart. Styringsgruppa med representantar frå kommunane skal ha møte 25. januar for å ferdigstille programmet. Spel gjerne inn forslag til tema, om det er noko de ønskjer at vi skal snakke om på samlinga. 

Ved å melde deg på denne samlinga samtykker du til at vi kan dele namn, arbeidsstad og kontaktinformasjon med hotellet og medarrangørar. Les meir om personvern og nettryggleik her.

Samlinga skal være på Clarion hotel Bergen. Vi gjer dykk merksam på at det er to Clarion hotel i Bergen. Adressa til hotellet der samlinga skal være er Rosenkrantzgaten 8. 

Kommande samlingar

Noter gjerne tidspunkt for neste samling i nettverket allereie no:

  • Tredje samling: Onsdag 10. april klokka 12:00 - 15:00 (digital samling på Teams)

Vi vil tilby kommunane støtte i det valdsførebyggande arbeidet

Implementering av nye arbeidsmåtar, metodar og kompetanse er eit krevjande og langsiktig arbeid som krev gode planar, gode strukturar og ei leiing som evnar å halde oppe merksemda og innsatsen over tid. Vi frå Statsforvaltaren og kompetansemiljøa ønskjer å gjere det vi kan for å understøtte kommunane i dette viktige arbeidet. God og heilskapeleg rådgjeving og støtte er eit slikt grep.

Nettverk er ofte ein hensiktsmessig måte å spreie kunnskap og dele erfaringar på tvers av kommunegrenser og ulike fagområde. Vi håpar nettverket skal bli ein nyttig arena for å få fagleg påfyll, knyte kontakt med andre med liknande arbeidsoppgåver og dele erfaringar. Vi håpar også at nettverket kan bidra med inspirasjon til korleis vi kan arbeide for at færre barn vert utsett for vald eller overgrep, og at dei som er utsett skal få den hjelpa dei treng raskt. 

Les meir om bakgrunn og føremål for nettverket

Den 8. september sendte vi ut informasjon og invitasjon til postmottaka i alle kommunane i Vestland.

Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med Bente Cecilie Foss som du finn under kontaktpersonar, eller Linda Renate Kvalvik som er kontaktperson hjå RVTS Vest. 

Dato:
15. februar 2024 11:30 - 16. februar 2024 13:00
Stad:
Clarion hotel Bergen, Rosenkrantzgaten 8
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland saman med RVTS, KORUS, RKBU og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland
Målgruppe:
Kommunane sine faste representantar i nettverket
Påmeldingsfrist:
1. februar 2024 23:59

Kontaktpersonar

Lenkjer

Dokument

Kontaktperson RVTS Vest