Rundskriv A-1/2025
Mange kommunar har bestemt at Nav-kontoret skal nytte dei statlege rettleiande retningslinjene ved behandling søknader om økonomisk stønad. I rundskrivet står det viktig informasjon om satsbeløpa. Nav-kontora må merke seg kva for utgifter som er omfatta i desse, og kva for utgifter som ikkje er det. I årets rundskriv står det to avsnitt om dette. Det står:
«Dei rettleiande retningslinjene omfattar utgifter til det løpande, daglege livsopphaldet som mat, klede, medier og kommunikasjon, samt hushalds- og hygieneartiklar og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til anna som er nødvendig, som bustad, straum og oppvarming, internett og breiband, bustad- og innbuforsikring, innbu og utstyr, transport og utgifter til organiserte fritidsaktivitetar for barn, inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i grunnlaget for dei rettleiande retningslinjene, ettersom dette er utgifter som varierer mykje.
Avhengig av den konkrete situasjonen kan også andre utgifter vere del av livsopphaldet. Slike utgifter er heller ikkje inkludert i grunnlaget for dei rettleiande retningslinjene.»
Rundskriv 35
Under punkt 4.18.1.5 er det presisert at Nav må vurdere hjelpebehov og stønadsnivå konkret og individuelt, og at dei blant anna må avklare kva for utgifter som eventuelt ikkje er inkludert i retningslinjene.
Helseutgifter er eit eksempel på utgifter som kan vere nødvendige livsopphaldsutgifter, men som ikkje er inkludert i grunnlaget for statens satsar. I punkt 4.18.2.45 står det om slike utgifter, og det går fram at personar som har slike utgifter ofte vil ha behov for ei tilleggsyting.
Viss du treng å snakke med oss, kan du ringe:
Telefonnummer
55 57 27 00
Telefontider
Tysdag, onsdag og torsdag 12.00 til 14.00.