Beredskap i kommunen

Oppdatert 27. april kl. 16:30

Kommunen har ansvar for å beskytte innbyggarane mot fare og sikre tryggleik.

Ansvaret til kommunen

Kommunen skal jobbe systematisk og heilskapleg med samfunnstryggleik og beredskap på tvers av ulike sektorar. Målet er å redusere risikoen for tap av liv, skade på helse, miljø og materielle verdiar.

Kommunen har viktige oppgåver i kvardagen, og under kriser og hendingar. Kommunen skal blant anna:

  • lage og vedlikehalde beredskapsplanar
  • øve jamnleg og evaluere beredskapsplanane
  • sikre god krisehandtering og informasjonsflyt
  • samarbeide med andre aktørar lokalt og regionalt
  • sikre at samfunnstryggleiken er ivaretatt i planar og prosessar etter plan- og bygningslova, og andre sektorlover

Slik er kommunen en del av den samla beredskapen i Noreg: Totalberedskapen.

Les også om tryggleikslarering av tilsette i kommunen

Kommunen skal legge til rette, rettleie og informere slik at kvar enkelt innbyggar kan klare seg sjølv i minst ei veke ved kriser.

Les meir hos Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap: Egenberedskap (dsb.no)

Du finn meir informasjon hos DSA: Kommunal atomberedskap (dsa.no)

Korleis følger Statsforvalteren opp kommunen?

Vi samarbeider tett med kommunen og følger opp arbeidet med å sikre at innbyggarane får nødvendig vern og hjelp ved kriser og uønskte hendingar.

  • Vi arrangerer øvingar for kommunane.
  • Vi fører tilsyn med kommunal beredskapsplikt.
  • Vi gir råd og rettleiing om arbeidet med beredskap i kommunen.

Øvingar

Kommunen har ansvar for å øve med utgangspunkt i den overordna beredskapsplanen minst annakvart år. Øvingane bør bygge på kommunens heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), og bidra til å styrke evna til å handtere uønskte hendingar.

Statsforvaltaren tar initiativ til felles øvingar i fylket, gir rettleiing i planlegging og gjennomføring, og bidrar til at kommunene får øvd på relevante scenario.

Tilsyn  

Tilsynet er heimle i sivilbeskyttelsesloven og forskrift om kommunal beredskapsplikt. Målet er å sikre at kommunen er godt førebudd på å handtere uønskte hendingar.

Vi vurderer om kommunen oppfyller krava i forskrift om kommunal beredskapsplikt. Vi sjekkar blant anna om kommunen har:

  • eit oppdatert beredskapsplanverk
  • ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som er oppdatert og som blir lagt til grunn for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap
  • ein førebudd kriseorganisasjon
  • forankra beredskapsarbeidet i leiinga og samordna arbeidet på tvers av sektorar
  • rutine for å evaluere krisehandteringa etter øvingar og uønskte hendingar

Les meir om korleis vi fører tilsyn, og finn rapportar i tilsynskalenderen vår

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Unngå å skrive inn personleg informasjon. Meldinga di blir berre lesen av tilsette som jobbar med nettstaden. Vi har ikkje høve til å svare deg her.

Du har 400 teikn igjen.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.