Vedtak om korttidsutleige

Publisert i går kl. 14:47

Korttidsutleige av 15 bueiningar 80 døgn i året krev søknad om bruksendring frå bustad til hotelliknande verksemd.

Vi handsama 03.09.2026 ei klage på eit påleggsvedtak frå Bergen kommune om å avslutte bruk til korttidsutleige. Eigedommen, som består av 15 bueiningar, vart nytta til langtidsutleige i ti månader av året og til korttidsutleige i om lag to månader av året. Utleiga hadde vore organisert på denne måten i 2023 og 2024, og var planlagd vidareført i 2025.

Kommunen påla heimelshavar å avslutte den delen av bruken som gjaldt korttidsutleige. Kommunen vurderte at korttidsutleiga innebar ei søknadspliktig bruksendring frå bustadføremål til hotelliknande verksemd.

Statsforvaltaren tok ikkje klagen til følgje og stadfesta vedtaket til kommunen.

Vår vurdering

Vi vurderte om den faktiske bruken av bygget, etter ei samla og konkret vurdering, måtte reknast som ein søknadspliktig bruksendring etter plan- og bygningslova § 20-1 bokstav d, jf. byggesaksforskrifta (SAK10) § 2-1 bokstav a og d.

I den nye rettleiaren om korttidsutleige frå Kommunal- og distriktsdepartementet er det peikt på fleire moment som kan vere relevante i vurderinga.

Vi la avgjerande vekt på omfanget av korttidsutleiga. Etter vårt syn var bruken i mindre grad prega av dei kjenneteikna som normalt kjenneteiknar ordinær bustadbruk, som varigheit, stabilitet og tilknyting til staden.

Vi la også vekt på at bruken kunne få betydning for dei omsyna som plan- og bygningslova skal vareta. Vi viste til spørsmålet om bygget sine tryggleiksmessige føresetnader, særleg knytt til risikoklasse og branntryggleik.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Anne-Kjersti Sande
fagdirektør, Statsforvaltaren i Vestland
Stine Ross Idsø
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland