Klage etter plan- og bygningslova

Oppdatert 4. juni kl. 10:37

Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, sender dei saka vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Kven kan klage?

Tiltakshavar, naboar og andre klageberettiga kan klage på kommunen sitt vedtak i byggje- og reguleringssaker. Klagen skal sendast til kommunen.

Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Saksbehandlingstid

Ordinær saksbehandlingstid er 12 veker. Statsforvaltaren skal prioritere saker der ein klage fører til utsett iverksetting av eit vedtak. Desse sakene skal behandlast innan seks veker.

 

Vår rolle

Som klageinstans skal Statsforvaltaren bidra til å sikre at dei bygningspolitiske måla i lover, forskrifter og arealplanar blir ivaretekne på best mogleg måte. Samstundes skal Statsforvaltaren også leggje vekt på det kommunale sjølvstyret.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.