Jakt på vilt
Miljødirektoratet bestemmer jakttider for ulike artar. Kommunen kan utvide eller korte inn jakttida for enkelte artar. I verneområde kan det vere eigne reglar for jakt eller det kan vere jaktforbod. Fylkeskommunen har det regionale ansvaret for vilt det kan jaktast på.
Statsforvalteren har ansvar for å forvalte trua artar og ansvarsartar som til dømes villrein, lirype og edelkreps.
All jakt er regulert av
Landbruket har ein rettleiar for kommunen: Jakt og fangst (Landbruksdirektoratet.no)
Ta kontakt med oss dersom du vil
- søke om å skadefelle gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor kvoten frå rovviltnemnda
- søkje om skadefelling av kongeørn
- søkje om å sette opp bås til fangst av jerv og gaupe
- søkje om midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskade og tilskot for tilrettelegging, organisering og førebuing til framtidige skadefellingsoppdrag i regi av kommunale/interkommunale skadefellingslag. Fristen er 1. februar.
I søknadssenteret hos Miljødirektoratet finn du skjemaet du skal bruke når du skal søkje om tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskader.
I søknadssenteret til Miljødirektoratet finn du skjemaet du skal bruke til å søkje om tilskot til konfliktdempande tiltak retta mot rovvilt.
Rovviltforvaltninga
Rovviltforvaltningen skal balansere to omsyn:
- bevare levedyktige bestandar av bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn
- oppretthalde aktiv bruk av utmarksbeite for sau og rein
For å lukkast med dette, må rovviltbestanden forvaltast og beitenæringa tilpasse seg i område med mykje rovvilt.
Alle vedtak om å felle rovvilt blir publisert i Miljøvedtaksregisteret (miljovedtak.no).
Statforvaltaren kan i særskilte tilfelle delegere til kommunen å avlive dyr som gjer skade.
Informasjonstelefon om fellingskvoten
For rovviltregion 1 er det oppretta ein telefonsvarar der det blant anna vert opplyst kor mange dyr det er igjen på fellingskvoten.
Lisensfellingsperioden for jerv går frå 20. august til og med 15. februar kvart år. Lisensfellingsperioden for ulv går frå 1. desember til og med 31. mai kvart år (endra i 2019).
For region 1 har rovviltnemnda vedteke kvote på 8 jerv for 2026-2027. Det er ikkje tildelt kvote for ulv eller bjørn. For gaupe vert det gjort vurderingar på hausten 2026.
Ved lisensfelling på jerv (og ulv), er det stilt krav om at jegerar kontrollerer at det er dyr igjen på kvoten før jaktstart kvar dag dei skal ut å jakte.
Telefonnummeret til denne telefonsvararen er 55 57 21 00.