RMP-tilskot ved nedlegging, nedfelling og tilførselslange

Publisert 18. august kl. 13:50

Dersom bøndene har brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange ein eller fleire gongar før 10. august, kan dei søke regionalt miljøtilskot (RMP).

Traktor med utstyr for nedlegging av husdyrgjødsel med tilførselsslange
Dei som har brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange før 10. august kan søke tilskot gjennom RMP. Foto: Martin Søgnen / SFVL.

God miljøgevinst

Krevjande vêrforhold i år har gjeve mange bønder ein del utfordringar knytt til mellom anna gjødsling. Miljøgevinsten ved nedlegging eller nedfelling med tilførselslange har likevel vore god ved bruk av utstyret. Det er difor høve til å søke regionalt miljøtilskot når det er brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange ein eller fleire gongar før fristen 10. august. Dette gjeld også ved gjødsling med anna utstyr etter fristen.

Ikkje lenger dekaravgrensing på nedlegging og nedfelling

Det vart gjort ei endring i dette RMP-tilskotet i vår, der taket på maks 100 dekar vart fjerna. Det er dermed ikkje lenger nokon øvre dekargrense på kor mykje areal som gjev tilskot til nedlegging eller nedfelling. 

Avgrensinga på maks 100 dekar er vidareført i tilskotet som ein får gjennom spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange. Fordelen med dette er at ein framleis får gode tilskot til dei som gjødslar 70 -100 dekar. Samstundes vert det stimulert til og registrert bruk av nedleggingsutstyr på ein mykje større del av jordbruksarealet. Ved å behalde 100-dekar grensa på tilskot til bruk av tilførselslange, har vi kunna holde satsen høg der.

Denne nettsaka er også delt på sida for landbruk for landbruksføretak.

Lenke til vår RMP-nettside.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Martin Søgnen
rådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Øyvind Vatshelle
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland