Jordlov og jordvern
Kommunen skal følgje jordlova (lovdata.no) som har reglar om driveplikt, deling av landbrukseigedom og omdisponering av dyrka jord. Slik skal kommunen verne om jorda og sørge for at tilgjengelege jordbruksareal blir godt nytta.
Les meir: Jordvern (regjeringen.no)
Dersom kommunen fattar vedtak som er i strid med lovverket, har Statsforvaltaren myndigheit til å klage på dispensasjonsvedtak, fremje motsegn til kommuneplanar og reguleringsplanar og omgjere vedtak etter jordlova og konsesjonslova.
Konsesjonslov og landbrukseigedom
Kommunen skal følge konsesjonslova (lovdata.no) som regulerer kva for eigedommar som har konsesjon- og/eller buplikt. Slik skal kommunane vere med å verne om landbrukets produksjonsareal og sikre eigar- og bruksforhold som er gode for samfunnet.
Finn søknadsskjema og meir informasjon om ordningane for eigedom hos Landbruksdirektoratet:
Om kommunen avslår ein søknad om konsesjon, og står fast ved avslaget etter å ha fått ei klage, skal kommunen oversende klaga til Statsforvaltaren.
Nydyrking
Kommunen skal godkjenne nydyrking av jord, etter forskrift om nydyrking (lovdata.no). Nydyrking skal skje på ein måte som tar vare på natur- og kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og landskapsbildet. Driftsmessige gode løysingar skal bli lagt vekt på.