Riktig bruk av tvang
Tvang kan berre brukast når det er heilt nødvendig, og når andre løysingar er prøvd først. Vi er klage- og kontrollinstans for fleire regelverk om tvang og makt i helse- og omsorgstenesta.
- Alle vedtak om bruk av tvang for å gi somatisk helsehjelp skal sendast til oss. Dette er vedtak etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. Vi ønskjer at tjenestene brukar det digitale skjemaet vårt:
Altinn - Vedtak om somatisk helsehjelp - Pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A - Vedtak om tvang og makt overfor personar med utviklingshemming skal sendast til oss. Dette er vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. I desse sakene skal malane til Helsedirektoratet brukast, og vedtaka skal sendast til oss via melding frå bedrift/organisasjon (Altinn).
- Vi behandlar også klager på psykisk helsevern sine vedtak om tvangsbehandling etter psykisk helsevernlova § 4-4. Klagene skal videresendast til oss gjennom dette skjemaet i Altinn.
- Vi behandlar klager på rusinstitusjonar sine vedtak om tvang og avgrensingar. Rusinstitusjonane har si eiga forskrift om rettar og tvang. Klagene skal videresendast til oss via melding frå bedrift/organisasjon (Altinn).
- Rettleie i regelverket: Vi gir råd og informasjon om korleis lover som pasient- og brukarrettslova, helse- og omsorgstenestelova og psykisk helsevernlova skal forståast og brukast.
- Godkjenne vedtak om tvang: Kommunen må sende vedtak om planlagd bruk av tvang til oss for godkjenning. Vi vurderer om tiltaka er nødvendige og lovlege.
- Motta meldingar om akutt tvangsbruk: Ved bruk av tvang i nødsituasjonar skal kommunen straks melde frå til oss. Vi følgjer opp at dette blir dokumentert og handtert riktig.
- Føre tilsyn: Vi kontrollerer at kommunane følgjer reglane og gir forsvarlege tenester. Dette gjeld særleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming og pasientar utan samtykkekompetanse.
- Behandle klager: Pasientar, pårørande og verjer kan klage til oss på vedtak om tvang. Vi vurderer saka og kan endre eller oppheve vedtaket.
- Vurdere langvarige vedtak: Viss eit vedtak varer meir enn tre månader, skal vi vurdere om det framleis er behov for helsehjelpa.
Målet vårt er å bidra til at kommunane gir trygge og lovlege tenester – med riktig bruk av tvang.
Treng du hjelp?
Treng du hjelp?
Viss du treng å snakke med oss, kan du ringe:
Telefonnummer
55 57 27 00
Telefontider
Tysdag, onsdag og torsdag 12.00 til 14.00.