Kva oppgåver har kommunen?
Kommunen har ansvar for å sikre at planar tar omsyn til gravplassar. Kommunen skal også sikre at det er tilstrekkeleg areal til gravplass slik at det til ei kvar tid er ledige graver til minst tre prosent av innbyggarane i kommunen. Statsforvaltaren kvalitetssikrar planar som kan påverke gravplassar. Målet er gode, trygge og respektfulle rammer for dagens og framtidas gravplassar.
Kommunen bør utarbeide ei gravplassmelding i samarbeid med lokal gravplassmyndigheit i samband med overordna planarbeid. Ei gravplassmelding gir eit bilde av dagens kapasitet og ei oversikt over framtidig arealbehov.
Omsyn i planlegginga av gravplassar
For å sikre at gravplassar blir forvalta med verdigheit og i tråd med lovverket, er det særleg viktig at planlegginga tar omsyn til:
Orden og verdigheit på gravplassen
Planar må sikre at gravplassen kan brukast og forvaltast på ein måte som er respektfull og i samsvar med føremålet. Nytt areal til gravplass skal ikkje vere utsett for flaum- eller skredfare.
Grunnforhold
Grunnforholda på staden må vere eigna for gravlegging, eller det må vere mogleg å gjere området eigna. Lovverket stiller konkrete krav til grunnvasstand og jordbotnforhold for å sikre god nedbryting.
Tilstrekkelege buffersoner til naboareal
Det bør vere ei buffersone rundt gravplassen for å gi gjensidig skjerming, hindre sjenerande innsyn, og sikre eit verdig miljø. Ikkje alle arealføremål er eigna som nabo mot gravplass. Der det blir planlagd utbygging eller fortetting nær gravplass, må konsekvensande for gravplassen vurderast.
Skjerming mot støy
Gravplassar er stille område skal beskyttast mot støy i tråd med gjeldande retningslinjer, til dømes frå trafikk eller anna verksemd.
Unngå gjennomgangstrafikk
Det skal ikkje leggast opp til ferdsel som brukar gravplassen som snarveg eller gjennomfartsåre.
Unngå luftstrekk over gravplassen
Det kan ikkje vere noko form for luftleidningar og tilsvarande installasjonar over gravplassområdet.
Universell utforming
Nytt gravplassareal skal tilretteleggast etter gjeldande krav til universell utforming.
Bevare kulturmiljø
Mange gravplassar er del av større heilskaplege og ofte verneverdige kulturmiljø. Dette må takast omsyn til i planlegginga.
Statsforvaltaren sine oppgåver i plansaker ved gravplassar
Statsforvaltaren har ansvar for å vareta nasjonale omsyn i arealplanlegginga når planar kan påverke gravplassar. Dette omfattar:
Statsforvaltaren kan fremje motsegner i plansaker når det er nødvendig for å sikre at krava i gravplasslova og tilhøyrande forskrifter blir følgde. Motsegn blir brukt når viktige nasjonale interesser må beskyttast.
I saker der kommunale planar får følgjer for gravplassar – til dømes kommuneplanar, kommunedelplanar eller reguleringsplanar – innhentar Statsforvaltaren faglege råd frå den nasjonale fagkompetansen på området. Dette sikrar lik og fagleg trygg behandling av plansaker uansett kvar i landet saka oppstår.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er nasjonal gravplassmyndigheit og tek hand om gravplassforvaltninga over heile landet.
Dersom meldinga har sensitiv informasjon, ber vi deg bruke Send melding frå bedrift/organisasjon til Statsforvaltaren (altinn.no)
Generelle spørsmål sender du til sfvtpost@statsforvalteren.no
Du kan også sende brev til
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Postboks 2076
3103 Tønsberg
Telefon: 33 37 10 12
Telefontid: Mandag–fredag kl. 08.00–14.30
Lunsjpause: Kl. 11.00–12.00