Fritak frå teieplikt

Oppdatert i går kl. 21:23

Advokatar og politi kan søke om fritak frå teieplikt for eit vitne i ein rettssak. Her finn du informasjon om korleis du går fram. 

Advokaten eller politiet må sende søknaden seinast tre veker før vitnet skal uttale seg. Du kan ikkje rekne med at søknaden blir ferdigbehandla i tide dersom den kjem inn seinare enn dette. 

Informasjon du må ha med i søknaden

Dersom søknaden manglar opplysningar, vil det føre til lengre saksbehandlingstid. 

Kven skal søke? 

Det er advokat (prosessfullmektig til parten) eller politi som søkjer om fritak ved rettsleg avhøyr og vitneforklaring. Ved forklaring til politiet er det politiet som søkjer om fritak for teieplikt. Ved rettsleg avhøyr kan retten be om å løyse vitnet frå teieplikta.  

Fritak frå teieplikt i dokument  

Dersom søknaden gjeld fritak frå teieplikt for å leggje fram dokument, må ein søke på same måte som for personar.  

Teieplikta er regulert i barnehagelova § 44, barnevernslova § 13-1, sosialtenestelova § 44, introduksjonslova § 21, integreringslova § 46, spesialisthelsetenestelova § 6-1 og helse- og omsorgstenesteloven § 12-1.

Alle desse føresegnene viser til teiepliktreglane i forvaltningslova §§ 13 til 13 e. 

Dersom fritak ikkje blir gitt etter forvaltningslova, må Statsforvaltaren frita dokumenta

Ved ankebehandling  

Du må sende inn ein ny søknad om fritak dersom det blir ny rettssak etter anke i saka.  

Ikkje mogleg å klage  

Du kan ikkje klage på avgjersla til Statsforvaltaren. Avgjersla er ikkje eit vedtak etter reglane i forvaltningslova. Retten kan endre Statsforvaltaren si avgjerd om fritak.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.