Klagebehandling i barnevernssaker

Oppdatert 3. juni kl. 11:18

Viss kommunen ikkje tar klagen på enkeltvedtak etter barnevernslova til følgje, skal kommunen sende klagen til Statsforvaltaren.

Slik er klageprosessen

Kommunen gjer enkeltvedtak etter barnevernslova. Den som vedtaket gjeld, har rett til å klage. Klagen skal først sendast til kommunen, som vurderer saka på nytt (lovdata.no).

Viss kommunen opprettheld vedtaket sitt, skal klagen sendast vidare til Statsforvaltaren, saman med

  • ei kort utgreiing av saka
  • grunngjevinga frå kommunen om å oppretthalde vedtaket
  • kopi av dokumenta i saka

Vedtak som høyrer inn under barneverns- og helsenemnda blir avgjort av domstolane.

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Unngå å skrive inn personleg informasjon. Meldinga di blir berre lesen av tilsette som jobbar med nettstaden. Vi har ikkje høve til å svare deg her.

Du har 400 teikn igjen.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.