PP-tenester ved norske skular i utlandet

Oppdatert 22. mai kl. 12:28

Elevar ved godkjende norske skular i utlandet har rett til individuelt tilrettelagd opplæring og pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste) etter privatskulelova. Ver merksam på at barn under opplæringspliktig alder ikkje har lovfesta rett til PP-teneste.

Når ein elev treng hjelp frå PP-tenesta

Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus har ansvar for PP-tenesta ved norske, private skuler i utlandet. 

Førebuande arbeid ved skulen

Førearbeidet som skulen gjer, er eit viktig grunnlag for ugreiinga og vurderinga som Statsforvaltaren gjer. Informasjonen frå skulen er viktig når vi førebur eit besøk ved skulen. 

Kva gjer PPT utland?

  • Vi utarbeidar sakkunnige vurderingar der lova krev det. 
  • Vi bidreg med kompetanse- og organisasjonsutvikling.
  • Vi gjennomfører skulebesøk 1–2 gonger i året.

PPT for utlandet (PPT utland) er eit statleg tilbod som gir sakkunnig vurdering og rådgiving til elevar ved norske skular i utlandet. Tenesta skal:

  • vurdere behov for spesialundervisning
  • utarbeide sakkunnige vurderingar
  • gi råd til skular og føresette
  • bidra til tilrettelegging for elevar med særskilde behov

Statsforvaltaren har ei rolle i å følgje opp regelverket og sikre rettstryggleiken til elevane.

Avgrensingar i rettar

Elevar i norske skular i utlandet har som hovudregel ikkje rett til særskild språkopplæring, slik elevar i Noreg har. 

Viktig for familiar i utlandet

Familiar som flyttar til utlandet, må setje seg inn i regelverket i landet dei oppheld seg i. Dette gjeld mellom anna:

  • reglar for skule og opplæring
  • helse- og omsorgstenester
  • rettar og plikter ved fråvær

Rettar som gjeld i Noreg, gjeld ikkje nødvendigvis i utlandet.

Den norske skulen på SHAPE er ein del av NATOs operative hovudkvarter SHAPE, nær byen Mons i Belgia og ved grensa til Frankrike.

Her finn du meir informasjon om skulen: SHAPE international school (dnsshape.org)

Den norske skulen i London er ein norsk friskule i Wimbledon, sør i London.

Her finn du meir informasjon om skulen: The Norwegian school in London (norwegianschool.org.uk)

Den norske skulen i Kenya (NCS) er ein norsk privatskule i Karen, om lag 25 minutt frå Nairobi sentrum.

Les meir om skulen her: Den norske skolen i Kenya (dnskenya.no)

Den Norske Skule Gran Canaria er ein godkjend norsk grunnskule og vidaregåande skule (1.–13. trinn), og ligg i Barranco de la Verga i Mogán kommune på sørkysten av Gran Canaria.

Les meir om skulen her: Den norske skolen i Gran Canaria (colegio.no)

DNS Albir ligg i Alfaz del Pi kommune på Costa Blanca, i Carrer Estrella Polar 37, øvst i Albiråsen ved foten av Sierra Helada.

Les meir om skulen her: Den norske skolen i Albir (minskole.no/dnsalbir)

Den norske skulen Costa Blanca er ein norsk skule i Spania, på Costa Blanca.

Les meir om skulen her: Den norske skolen Costa Blanca (costablancasskole.com)

Den Norske Skulen i Rojales (DNSR) er godkjend av både norske og spanske styresmakter som ein norsk privat grunn- og vidaregåande skule.

Les meir om skulen her: Den norske skolen i Rojalies (dnsr.no)

Den Norske Skulen Málaga er ein privat, norsk grunnskule for elevar på 1.–10. trinn og ligg i Málaga.

Les meir om skulen her:: Den norske skolen i Malaga (dnsmalaga.com)

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Hilde Ryli Straume
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
Ingvild Østbø
rådgiver, Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.