Høyring
Løyve til å forureine

Høyring av søknad om anleggsarbeid i sjø - Fv. 608 Atløysambandet i Askvoll kommune

Publisert i dag kl. 10:21

Vestland fylkeskommune søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for bygging av det nye Atløysambandet i Askvoll kommune. Høyringsfrist er 26. oktober 2026

 

 

Illustrasjon av dei planlagde bruene, sett frå nord

Høyringsfrist
26. oktober kl. 23:00
 Send innspel

Anleggsarbeida i sjø omfattar tre bruer (Sauesundsbrua K100, Granesundsbrua K200 og Olssundsbrua K300) samt ei vegfylling i sjø mellom Nordre og Søre Sauesundsøyna. 

Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2026/2596. Frist for å gje uttale er 26. oktober

Alle uttaler vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Magne Nesse
senioringeniør, Statsforvaltaren i Vestland