Høyring av søknad om løyve etter forureiningslova – Rv 555 Sotrasambandet – utslepp av tunnelvaskevatn i driftsfase – Statens vegvesen
- Høyringsfrist:
- 14. september 2026 23:00
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvaskevatn frå tunnelens driftsfase, når anlegget står ferdig. I tillegg omfattar søknaden utslepp av reinsa vegvatn frå område A11 ved Storavatnet i Bergen kommune.
Sotrasambandet er eit større vegutbyggingsprosjekt som omfattar ny Rv. 555 mellom Storavatnet i Bergen og Kolltveit i Øygarden kommune. Prosjektet omfattar om lag 9,4 km firefelts veg, der ca. 4,6 km går i tunnel. Tunnelstrekningane består av Kolltveittunnelen, Straumetunnelen, Knarrvikatunnelen og Drotningsviktunnelen.
Tunnelane vert bygde med seperate systemer for å halde ureina innlekkasjevatn skilt frå tunnelvaskevatn og vegvatn frå trafikkerte arealer. Alt vatn frå dei trafikkerte flatene skal reinsast før det vert leidd følgjande resipientar:
- Bildøystraumen mottek vatn frå Kolltveittunnelen.
- Straumsundet er resipient for Straumetunnelen.
- Arefjordpollen mottek vatn frå Knarrvikatunnelen.
- Vatlestraumen/Søre Drotningsvik er utsleppspunkt for Drotningsviktunnelen.
- Storavatnet vert resipient for reinsa vegvatn frå område A11.
Reinsa tunnelvaskevatn og vegvatn frå tunnelen skal reinsast med sedimentasjonsbasseng og oljeutskiljar for alle tunnelane. For vegvatn frå område A11 skal vatnet gjennom reinsebasseng, sedimentering, sandfang og filtrering før det vert sleppt ut i Storavatnet.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2021/4176. Frist for å gje fråsegn er 14. september 2026.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 14. september 2026 23:00