Evaluering av bistand frå Forsvaret til vaksinering i Vestland

Erfaringane frå arbeidet med bistand frå forsvaret til vaksinasjon i kommunane har gitt oss nyttige læringspunkt til det vidare arbeidet med totalforsvaret.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.03.2022

I januar 2022 fekk kommunane Alver, Askøy og Øygarden bistand frå Forsvaret til vaksinering. Forsvaret kom inn som ein tilleggsressurs i dei allereie etablerte vaksinasjonsapparata til Askøy og Øygarden kommune, og bidrog med gjennomføring av vaksinasjon på Mongstad i Alver kommune.

Det var eit tett og godt samarbeid mellom kommunane, Forsvaret og Statsforvaltaren om handtering av oppdraget. Saman med dei involverte aktørane har vi identifisert lærings- og oppfølgingspunkt som vi tek med oss inn i det vidare arbeidet med totalforsvaret.

Du kan lese evalueringa her (PDF)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.