Økonomisk stønad til 17. mai og andre merkedagar
Snart er mai her med ei stor nasjonal feiring og andre merkedagar. Alle skal kunne feire, uavhengig av økonomi.
Nav-kontora skal ta særskilt omsyn til barns behov for samfunnsmessig og kulturell tilhøyrsel, og det er viktig at kontora bidreg til å ivareta barn og unge i sårbare familiar. Det kan vere ekstra utgifter med konfirmasjonar og 17. mai-feiringa som er nødvendige for at barn skal kunne delta på lik linje med andre barn.
Økonomisk stønad er eit viktig sikringsnett, og Nav-kontora bør difor vere spesielt merksame på barnefamiliar som mottar eller søker om stønad, slik at dei får informasjon om moglegheita til å søke om ekstra støtte til feiringar. Nav skal vurdere alle søknader særskilt og individuelt. Tilbod frå frivillige organisasjonar kjem i tillegg, og er ikkje ei erstatning for hjelp frå Nav.