Tilsyn med Bergen kommune og tilbodet om avlasting til barn og unge

Statsforvaltaren har gjennom behandling av fleire klagesaker sett at Bergen kommune ikkje organiserer avlastingstilbodet til barn og unge under 18 år i tråd med lovkrava. Vi har difor opna tilsyn.

Publisert 21.12.2023

Statsforvaltaren har bedt kommunen gjennomgå organiseringa av tilbodet og syte for at det er i tråd med helse- og omsorgstenestelova § 3-6, og vil følgje opp kommunen fram til kommunen har oppnådd dette.

Vi har sett at mange har fått «tomme vedtak» frå kommunen. Vi meiner då vedtak der avlastinga ikkje er utmålt, der avlastinga ikkje blir sett i verk, og der det er manglande kompenserande tiltak med avlastande tiltak i venteperiode.

Vi har hatt møte med kommunen om saka, og kommunen har opplyst at dei er i gang med arbeidet, og har fått ned ventelista frå cirka 110 til 44. Vi har understreka at det er viktig at kommunen no får løyst situasjonen for dei som framleis står på venteliste, og vi er positive til at kommunen allereie er i gang med arbeidet. Kommunen skal gi oss tilbakemelding i saka innan utgangen av januar 2024.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.