Tilskot til rettleiing av studentar og tilsette
Helsedirektoratet har lyst ut tilskot for rettleiing av studentar og tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Søknadsfrist er 8. mai.
Publisert 30.08.2024, Sist endra 22.04.2025
God rettleiing er avgjerande for å ta i mot praksisstudentar, nyutdanna og nytilsette på ein måte som gjer at dei utviklar seg fagleg og trivst.
Formålet med ordninga er å utvikle gode modellar for å bidra til å sikre kvaliteten av rettleiarar til praksisstudentar, nyutdanna og nytilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Det er også eit mål å bidra til å rekruttere og behalde tilsette i tenestene, og å utvikle eit tett samarbeid med universitet, høgskular og kommunar.
Meir informasjon og utlysing finn du på heimesida til Helsedirektoratet.
Kontaktpersonar
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15