Ny meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenestene

Ordninga strammar inn fristar, stiller tydelegare krav til oppfølging og skal sikre betre læring etter alvorlege hendingar. Meldeordninga er planlagt å bli innført 1. juli.

Publisert 27.03.2026, Sist endra 12.06.2026

Lovendringa får følgjer for korleis verksemdene skal følgje opp alvorlege hendingar.

Meldefrist på fem dagar

Tenestene skal sende melding om alvorlege hendingar snarast mogeleg, og seinast innan fem dagar.

Meldeplikta etter alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta gjeld for alle verksemder som yt helsehjelp. Den omfattar spesialisthelsetenesta, kommunal helse- og omsorgsteneste, private tenesteytarar, tannhelsetenester og andre verksemder som yt helse- og omsorgstenester.

Kva skal tenestene melde?

Hendingar som tenestene skal melde er dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar som har samanheng med helsehjelpa, eller der ein pasient eller brukar skadar ein annan, og utfallet er uventa ut i frå pårekneleg risiko. Kriteria er dei same som i dagens varselordning.

Meldingar om alvorlege hendingar vil gå til Statsforvaltaren og Ukom, med kopi til Helsetilsynet. Statsforvaltaren skal rettleie og støtte verksemdene i deira oppfølging av alvorlege hendingar og prosessen kring kvalitetsforbetring, ikkje primært granske enkelthendingar.

Tre månaders frist for å sende rapport

Verksemdene får ein frist på tre månader til å sende inn ein forbetringsrapport til Statsforvaltaren.

Rapporten til Statsforvaltaren skal innehalde:

  • gjennomgang av hendinga og moglege årsaker,
  • kva tiltak verksemda skal gjere for at liknande hendingar ikkje skal skje igjen,
  • korleis pasienten, brukaren, næraste pårørande og aktuelt helsepersonell er følgt opp og involvert i forbetringsarbeidet.

Guide for læring og forbetring

Helsedirektoratet har utarbeidd ein guide for læring og forbetring etter alvorlege hendingar, inkludert rettleiing til kva forbetringsrapporten skal innehalde.  Helsedirektoratet har også utarbeidd ein guide for ivaretaking av pasientar, brukarar, pårørande og medarbeidarar ved uønskte hendingar.

Du finn guidane på heimesida til Helsedirektoratet:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.