Rekordlåge tal omkomne i trafikken

Statens vegvesen opplyser at 87 personar vart drepne i trafikken i 2021, mot 93 i 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2022

Analyse av dei alvorlege ulykkene i trafikken i 2020 viser at omlag 25 prosent av førarane var rusa. Dei fleste av alkohol, men også andre stoff og medikament som kan påverke evna til å køyre.

Lege, psykolog og optikar har meldeplikt til Statsforvaltaren dersom ein pasient med førarkort ikkje oppfyller helsekrava til førarkort på grunn av langvarig redusert helse. Meldeplikta er eit viktig bidrag i arbeid med trafikktryggleiken.

Vår rolle i førarkortsaker er å ta imot meldingar frå helsepersonell og vurdere opplysningane opp mot helsekrava til førarkort. Samtidig har vi plikt til å orientere politiet og tilrå tilbakekalling av førarrett inntil helsekrava på nytt er oppfylte.

Det er politiet som har mynde til å gjere vedtak om tilbakekalling (og tilbakelevering) av førarrett.

I 2021 handsama Statsforvaltaren i Vestland fleire enn 1000 førarkortsaker. Over 600 saker var tilrådingar til politiet om tilbakekalling av førarrett som følge av sjukdom, rus, redusert kognitiv funksjon og anfall.

Samla fekk Politiet fleire enn 6000 meldingar om ikkje oppfylte helsekrav frå Statsforvaltarane i 2021.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.