Bidra til at folkehelseundersøkinga når flest mogeleg

Bilde viser beina til tre personar som står på ei bru over ein foss
Folkehelseundersøkinga går føre seg fram til 28. april 2026, og vil gje oppdatert kunnskap om folkehelsa i Vestland. Foto: Julie Farsund Storvik/Vestland fylkeskommune.

Folkehelseundersøkinga går føre seg fram til 28. april, og Vestland fylkeskommune har utarbeidd informasjonsmateriell som kommunane kan nytte til innbyggjarane sine.  

Publisert 24.04.2026

Den 16. april blei 22 000 innbyggjarar i Vestland invitert til folkehelseundersøkinga 2026. Dei som er plukka ut, får invitasjon via Helsenorge.

Folkehelseundersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune. Resultata vil gje oppdatert informasjon om folkehelsa og syne korleis det står til med helse, livskvalitet og trivsel livskvalitet hos den vaksne befolkninga i Vestland. Dette er nyttige data for både kommunane og fylkeskommunen, for å planlegge og utvikle gode lokalsamfunn og meir relevante tenester og tiltak for befolkninga.

Du kan laste ned kommunikasjonsmateriell og lese meir om undersøkinga på heimesida til Vestland fylkeskommune: Kommunikasjonsmateriell til kommunane - Vestland fylkeskommune

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.