Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av tilsyns- og kontrollarbeidet blir gjort av Statsforvaltaren.
Helse, omsorg og sosialtenester
Alle som treng det, skal få gode og forsvarlege helse- og sosialtenester – uavhengig av alder, inntekt og diagnose. Det er i stor grad kommunane og helseføretaka (sjukehusa) som tilbyr desse tenestene.
Nyhende om helse, omsorg og sosialtenester
02.07.2025, Endra 02.07.2025Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2025
På denne sida finn du relevant informasjon for deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i hausten 2025.
30.06.2025
Korleis står det til med helse- og omsorgstenestene til eldre?
Helsedirektoratet har utarbeidd ei ny statistikkvisning, Eldrebarometeret, som viser korleis det står til med helse- og omsorgstenestene til eldre i kommunane.
30.06.2025
Lyser ut tilskot for betre psykisk helse
Kommunar og organisasjonar kan søkje Vestland fylkeskommune om støtte til å kome i gang med ABC-modellen for god psykisk helse.
27.06.2025
Koordinerte tenester til barnefamiliar
Nav Kinn har gjennom eit prosjekt jobba med å forankre barneperspektivet i kontoret, og har med det gitt dei tilsette eit kompetanseløft. Vi vil i denne nettsaka fortelje litt om prosjektperioden deira.
27.06.2025
Nær 56 millionar til kompetanse- og tenesteutvikling i kommunane
Kommunar, universitet og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Vestland søkte om til saman nær 115 millionar. No er midlane fordelte.
19.06.2025
Videorettleiing til skjema om tvungen somatisk helsehjelp
Lurer du på korleis du fyller ut vedtaksskjema for tvungen somatisk helsehjelp, etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A?
17.06.2025, Endra 19.06.2025
Blir sikringstiltak i bil rekna som tvang?
Helsedirektoratet har vurdert spørsmål om korleis bruk av sikringstiltak i bil skal verte vurdert opp mot bruk av tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
17.06.2025, Endra 26.06.2025
Nær 61 millionar til kommunalt rusarbeid
24 kommunar i Vestland får til saman nærare 61 millionar kroner gjennom tilskotsordninga kommunalt rusarbeid.
13.06.2025
Vil tydeleggjere samarbeidet mellom helse- og omsorgstenesta og frivilligheita
Det nye rundskrivet skal auke bevisstheita og kunnskapen hos kommunar og sjukehus om kva omsyn dei må ta når dei samarbeider med frivillige organisasjonar og personar.
03.06.2025
Sårbare familiar kan ha behov for ekstra støtte på grunn av skuleavslutningar og sommarferie
Juni er her, og med det kjem skuleavslutning og sommarferie. For familiar som får eller søker om sosiale tenester, er det viktig at Nav-kontora sikrar at barn og unge kan delta i alminnelege aktivitetar, uavhengig av om foreldra har ein vanskeleg økonomi.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel